“Silovandring” – filmopptak
Terese Longva, som til vanleg bur i Bergen, har vore heime på øya for å lage film i lag med fjørtoftingen Harald Dyrkorn. Arbeidstittelen på filmen er «No er verda blitt så nøyaktig» og siktar til at det meste no til dags kan målast og fastleggast ned til minste detalj. Via sosiale media vert det danna nye former for nettverk og fellesskap som kanskje gjer oss meir konforme og mindre frie.
I helga 5. – 6. mars hadde dei tromma saman 21 statistar i alle aldrar på heimegarden (til Terese) – Bakken – for å ta opp filmen på video. Skodeplassen for filmen er ein tom silo på garden, der alle statistane vart plasserte, for så å vandre rundt etter koreografen Eivind Seljeseth sine anvisningar medan filmfotograf Janne Lindgren «talfestar» det som skjer.

Filmopptak i silo på Bakken på Longva
Terese seier at filmprosjektet ikkje kunne ha vore gjort andre stader; du må heim for å finne så mange folk som er villige til å bruke 8 – 10 timar av helga til dette. I tillegg til familien som stiller hus og heim til disposisjon og trakterer alle med graut, brennsnut og kaffi under innspelinga.
Etter planen skal filmen vere ferdig i april og først visast i Bergen kunsthall. Seinare vil han bli vist her på øya om alt går som planlagt, noko som vert spennande både for statistar og andre.

Terese Longva (t.h.) og Harald Dyrkorn pluss nokre av statistane
