Fjøre Jazz!
Folk har venta på at det skal swinge – og no kom Ella Fitzgerald i Stine Steen sin kropp opp av det vi elskar – god jazz. Du verden kor vi elskar musikk og rytmar.
Nordøyane Storband (NSB) var ikkje forseinka slik som ein namnebror av og til er, NSB var i rute. Veldig i rute. Eit band som i ei pandemitid ikkje har mista verken takt eller tone. Dirigent Arvid Steen rosar bandet som har klart å vere i lag og føre musikken vidare i ei vanskeleg tid.
I fjøresteinane
Sjøbuda på Austnes ligg heilt på kanten, nesten som at du kunne fiske middagen din ut gjennom vindauget. Kan føle naturen utanfor, kaldt inne når det er kaldt ute og visa versa. Ein plass å bu når du føler for Jazz.
Nordøyane Storband har venta og venta og venta på å få vise seg fram. Vise at dei har rytma på plass. Dei treng ikkje vente meir – dei viste seg fram så det held seg og sikra seg folk på fremste benk i lang tid framover.
Ella Fitzgerald
Størstedelen av konserten var ein heider til ei stor legende innan jazzmusikken, Ella Fitzgerald med si beste tid på 1940-50 talet. Ella hadde ein del samarbeid med Louis Armstrong. Ella var solist på mange av låtane i fjøresteinane på Austnes gjennom Stine Steen. Den jobben gjorde Stine til dei grader! Vanskeleg å finne songarar som kan svinge seg gjennom historia på ein like bra måte.
Mack the knife
Imponerande. Mack the knife frå Tolvskillingsoperaen er ein klassiker, men at NSB kunne skilte med ein tekstversjon – der Ella hadde gløymt teksten – og dikta seg gjennom heile songen – og framføre Mack the knife med den dikta teksten! Det er skjeldan kost. Topp karakter til Stine Steen.
Sjøbud og kaker og kaffi og saft
Gode brettkaker, kaffi og raud saft – kos på ein fredagskveld. Nordøyane Storband leverte og musikken gjekk inn. Gode kaker, slikka seg om munnen og ville ha meir.
JazZ!
Fjøre Jazz – eller skulle ein like godt kalle det full flod – for her var det lite å setje fingeren på. Her funka song og orkester, her svinga det og her fekk vi også ein slow der vi kunne prøve å vere intime – ja vi som var unge ein gong!
Mange gode solistar i bandet – Terje Morsund Austnes på topp i kveld med ein saxofon som berre tok laus.
Olav Skarstein