Flugtfuglen har markert Ulla!
17. mai markering på Ulla med loklaldemokrati og vindturbinar i fokus. Men også ein flugtfugl i stadig rørsle.
17. mai på Ulla. Her er det avstand, her er det meter, men også engasjerte folk på øyane som kjenner seg overkøyrde av kapitalkreftene. Kvar er demokratiet? 17. mai handlar om fridom og demokrati. Det gjeld også utkantnoreg, sjølv om direktorat og departement ikkje har fått med seg dette. Birgit Kjerstad held talen der ein forkjempar for demokrati, Olaus Fjørtoft, fekk rettmessig heider.
Vindinustri og evig protest!
Birigit veit kva ho snakkar om. Ho vel verne natur, fuglar og ikkje minst folk frå vindindustrien sitt overgrep. Tenk, her har deparetment og direktorat godkjent eit vindkraftanlegg midt mellom fuglefredningsområder. Eit anlegg som vil slakte freda fugl. Eit anlegg som er til ulempe for folket. Eit anlegg som ikkje tek omsyn til landskapsvern. Eit anlegg som ikkje tek omsyn til at både fylke og kommue er i mot.
Kanskje det er siste 17. mai på Ulla utan vindturbinar som grannar. Birgit fekk blomar for talen og alt arbeidet ho har lagt ned for natur og miljø i turbinsaka. Nordøyane storband sørga for tonefølgje til to nasjonale songar, først Fagert er landet og til sist Ja vi elsker dette landet.
Flugtfugl
Ein raud fugl varslar om fare, advarar om ein vond komande situasjon, men også om at den vil vere til stades heile tida. Gjennom heile seansen på Ulla, er fuglen der med vedvarande vengeslag. Ein av våre aller mest kjende kunstnarar i fylket, Karin Augusta Nogva, formidlar flugtfuglen. Raude farlege dagar.
Tidlegare på dagen vart det lagt ned blomar på minnesmerke etter Olaus Fjørtoft på Nogva, der Karin haldt tale om Olaus Fjørtoft.
Olav Skarstein