Fly like an eagle
Flyge som ei ørn inn i framtida – til havet – bli fri! Ein av fellessongane til Kor For Oss og Nordøyane storband i smakfull konsert i Nordøy Grendahus på Longva.
Når tonane trillar og løftar stemninga, då kunne det vere på sin plass å få sveve som ørna på ein oppstraum av musikk. Oppstraumen starta med første vingeslag, første melodi. All of Me frå 30-talet swinga oss i god takt og stemning, storbandet med ein opplagt Pål Forr Austnes på piano hadde fått kloa i oss. Skjøner godt at Pål vert henta heim frå Lausanne til musikalsk oppleving.
Samarbeid
Kor For Oss (KFO) og Nordøyane Storband (NSB) har hatt fleire og gode samarbeidsprosjekt tidlegare, og dei viser at at det ikkje er nokon grunn til å legge lok på dette samspelet. Det er flott å høyre kor, det er flott å høyre storband, men saman lagar dei rett og slett godlyd. Sidan koret nyttar personlege mikrofonar, får dei også rett balanse mellom storband og kor.
Leiarane Elisabeth Haram (KFO) og Evy Hellebust Rogne (NSB) seier begge at dette har vore kjempekjekt, flott å vere i lag. Mest for gale at dette prosjektet har kome til ein slutt, seier Evy. Dei har øvd inn konserten sidan slutten av august, både kvar for seg og fellesøvingar.
Konsert og solistar
NSB hadde første avdelinga som avslutta med Dry Heat, igjen imponerte Pål med glittrande spel på tangentar. Koret vart no invitert inn i varmen med Gonna Fly Now, også kjend som Theme song frå Rocky. Solist Linda Nogva Vedeld med Ain’t we got Fun der rike vert rikare og fattige vert fattigare. Låten er frå 1920, eg seier ikkje meir. Men sang og musikk satt som det skulle.
Bing Crosby og The Andrews Sisters hadde suksess med Don’t Fence Me In tilbake i 1944. At dei skulle dukke opp ein sein haustdag på Longva, var ikkje umogeleg sidan vi kjenner ei ørn som flyg inn i framtida. Truleg har ho vore på farten sidan 1944… Jens Crosby Aksnes and the Sisters; Elisabeth Haram, Reidunn Rogne Flem og Pauline Aksnes med lyd frå den gongen då! Stilig.
Etter pause med loddsal og kaker, fekk KFO skine aleine nokre minutt. Don Gibson sin Oh Lonsome Me (1958) og Rett Og Slett Livet, ein DeLillos sang som var alibiet på norske låtar i denne konserten.
I fellesavdelinga kom Spidermann, Fly Like an Eagle, Skyfall og ikkje minst Accentuate the Positive med Peter Aksnes som sterk solist. Veldig sterk!
Småprat
Kordirigent Jens Aksnes har sansen for litt småprat og informasjon mellom låtane. Informasjon om melodiane, litt rundt forbi om ting som folk flest ikkje veit om musikarar og hendingar i musikkverda. Litt vitsing og humor. Skapar pause både for aktørar og publikum. Og ny forventning til neste melodi. Ein stil som gjev litt olje til maskineriet.
Fin avslutning
Mack med kniven – Mack the Knife. Ein song om ein skummel og bloddryppande mordar. Mange kjenner denne frå Bertolt Brecht sin Tolvskillingsopera. Vi må 90 år tilbake i tid. Melodien er god og veldig lett å ”få på hjerna”. Det måtte bli ekstranummer, og dei hadde eitt på lur; Michael Buble sin ”SWAY”.
Alt i alt, ein triveleg konsert for øyre, auge og mage. Ja, det var fullt rundt borda og eit langt kakebord fekk bein å gå på. Kor fullt? Ca. 200 i salen og 43 på scena.
Olav Skarstein