Forsiktig feiring i fjøra på Longva
Longva Vel markerer Syftesok 2. juli med grilling, quiz og bål, i år med avstand grunna kovid19, men familiar kunne vere tettare i lag.
Vaksne, lite ungdom og born i år, med grillmat og brus i veska, blide og i humør til å prate, kjem sigande medan grillane er i ferd med å få ”kvite” kolbrikettar! Mange har lyst til møtast og få prate litt.
Syftesok
Syftesok er ein gamal merkedag som vart feira 2. juli. Namnet tyder ”Svithuns-vake”, med andre ord ”vakenatt for Svithun”. Syfte er også forklart med det å reinske.
Men i religiøs tyding er det St. Svithun (800-862) som vert minna. Han var biskop i Winchester i England og skal m.a. ha vist stor barmhjartigheit med fattige og sjuke. Sidan dagen hadde lite å seie for Noreg, vart dagen stroken som heilagdag i 1771. Men dagen vart likevel halden som ein viktig dag, det å syfte – ta bort ugras frå åkeren – måtte vere utført innan denne datoen. Det var og er viktig den dagen i dag.
Sosialt
Ein fin sosial kveld for øyafolket i eit nydeleg sommarvêr. Lukta av god grillmat spreidde seg i område, og folket hadde eit kjempegodt måltid. Severin Longva styrde quizen. Han laga ikkje mange enkle spørsmål – så dyktige konkurrentar måtte grave djupt ned i hjernebarken etter dei rette svara.
Med vindstille og ytterst på ein lang steinmolo, var det ingen brannfare med eit lite bål for å markere den gamle merkedagen. Godkjent av brannvernet. Eit fint punktum på ein flott sommardag og Syftesokmarkering ved Gunnabuda på Longva med litt attåt.
Olav Skarstein