Frå Japan til Vika med Japanblå
Til Harthaugvika på Nogva. Karin Augusta Nogva formidlar kunst og kultur frå Japan og samanliknar skikkar i to land.
Det er ikkje første gang Karin tek føre seg Japan. Tilbake i 2015 hadde ho eit prosjekt saman med Stian Omenås og Endre Ruset om Noriaki Kasai og te på japansk vis.
Ved hjelp av eit reisestipend som vert gjeve til kunstnarar frå Møre og Romsdal Fylke, fekk ho høve til å vere i Japan i fem veker i sommar og oppleve japansk kultur og eldre kunstgreiner. Stian og Endre var med på første delen av opphaldet. Reiste då som tropp.
Harthaugvika i ei veke
Kunstsenteret i Molde tildeler og betaler årleg 4 prosjekt. Prosjektveka i Harthaugvika er eitt av dei og Japanopphaldet er utgangspunktet for prosjektveka. Karin fortel at tema i prosjektet ikkje var bestemt på førehand. Det vert utvikla og forma under vegs med inspirasjon frå det lokale i Vika, eple i hagen, tare i fjøra og besøkande. Ja, mange hadde vore innom. Denne dagen 4 skuleklassar frå Haramsøy Skule og ei skuleklasse frå Aalesund Kunstfagskole.
Kva Japan hadde å by på
Karin opplevde japanarane som imøtekomande, gjestfrie og høflege. Hadde tid i ein travel kvardag til å ta imot gjestar. Det minna henne om besteforeldrene i Harthaugvika som også hadde det travelt med mange gjeremål, men likevel tid til sine gjestar med kaffi og noko å bite i. Ein kulturarv som ikkje er like sterk lenger her i landet. Karin ville sjølvsagt ha med seg kulturen og kunsten, og fann at Japan kunne by på tresnitt, te-sermoni, lydbilder, festivalar, maling, japan blå, skikkar, kultur, historie og mykje meir. Det er ikkje råd å kome inn på alt.
Japan blå
Den blå naturfargen i Japan vert utvunnen av blada frå treet Kozo. Blada vert lagt i kompost og blåfargen kjem. I Norge har vi ikkje høve til å utvinne naturleg blåfarge. Blå var ein viktig farge i Japan også i tidlegare tider, då landet ofte vart omtalt som det blå landet. Mange kjenner nok til blåfarga porselen frå Japan.
Karin hadde med seg Japan blå og hadde måla eit tøystykke. Her kom det fram ein annan forskjell. Eit målingsstrøk i Japan er eit strøk som startar fyldig, og vert svakare og svakare etter kvart som penselen vert tom. Ei gradering som skapar varriasjon.
I Europa er vi meir van med at eit strøk skal vere jamt i heile strøket.
Tresnitt
I Japan nyttar dei andre verktøy og teknikk i treskjering. M.a. skjer dei djupare og løftar vekk dei utskorne bitane. Karin nytta dei japanske teknikkane ho lærde i Japan under prosjektveka på Nogva. Her i landet er det vanleg å nytte mekaniske presser til trykking, medan trykking med handkraft er meir vanleg der. Karin har lang erfaring med treskjering frå tidlegare, men synest det er fint å bruke ny lærdom
Kle med kunstnaren sin strek
Karin syr kle og fargar dei med ymse teknikkkar. Dette er unike plagg i svært små seriar, og er kunstverk i seg sjølv. Frå Japan har ho med seg at kle med fisk, fugl eller dyremotiv er med på ta naturen inn i det offentlege rom. Kunstfagskulen viste stor interesse for plagga. Og klea er sjølvsagt vaskbare.
Kultur og stadar
I Japan var folk opptekne av kultur og historie. Heile sommaren var full av festivalar som førde tankane mot fortida. Men også andre kulturar var i vinden. Til si overrasking fann Karin at nordisk kultur, m.a. Edda som var skriven på Island på 1200 talet, var kjend. Karin var også inne på det med rett namn på byar og stadar. Dessutan å vere samde i gjenkjenningstanken. Ho seier dei er ærlege i Japan om dette. Kva har staden å by på, kjenneteikn, folk, næring, hendingar, særpreg og kultur. Og ikkje minst semje.
Også i Japan vil unge krefter helst gløyme eldre handverk og teknikkar. Elektronikk og dippeduttar har stor plass som lett fyller gløymeboka med tradisjon. Likevel har dei ein tankegang i samfunnet: Forstå det gamle og ver nysgjerrig på det nye!
Harlikin’s farfar
På oppmoding frå Kunstfagskulen framførde Karin ei forteljing i tekst og bilder om Harlikin’s farfar. Denne forteljinga har ingen ting med Japan å gjere, men den har med Harthaugvika å gjere. Den vart laga for nokre år sidan, der modellen er Karin sin farfar som levde i Harthaugavika heile livet. Ein tankevekkjar om eldre sine tankar og behov i alderdomen. Meint for born og passar like godt til vaksne.
Olav Skarstein