Gamle bilete på Gamleskulen
Fredagskvelden (30/4) var det stappfullt av folk på gamleskulen på Flem som ville sjå på gamle bilete og høyre historiene som var knytt til dei. Bileta var dei som Ole J. Rogne samla inn på øya i høve «Gjensynstreffet» i 1995.
Ole Rogne for rundt på heile øya og fotograferte av bilete heime hjå folk. Bileta var utstilt på «Gjensynstreffet», og sidan har dei vore lagra/utstilt på Gamleskulen. På grunn av lyspåverknad var bileta i ferd med å tape seg, og difor sette laget Gamleskulen seg i sving for å bevare bileta for ettertida.
Hatlehols trykkeri har gjort bileta lysekte i minst 150 år (seier dei), og har i tillegg digitalisert dei, slik at bileta til dømes kan leggast ut på internett så alle interesserte kan få sjå.
Bileta er organisert i 14 plater på 0,7 x 1 meter med ni bilete på kvar plate (stort sett) – altså om lag 125 bilete totalt. Platene er no utstilt på Gamleskulen.
For å gjere bileta endå meir verdifulle, bestemte laget Gamleskulen seg for å få tak i fleire namn enn dei som var der frå før. Elias S. Rogne tok på seg den jobben, og nesten alle bileta er no utstyrt med namn og annan identifikasjon (som gardsnamn) på dei fleste personane ein ser.
Heile prosjektet kosta 61.000 kroner. Flem Vel og Longva Vel har støtta med 10.000 kroner kvar; resten har laget Gamleskulen kosta sjølv.
Sidan bileta som nemnt er blitt digitalisert, kunne dei visast på skjerm denne fredagskvelden. Elias Rogne viste fram alle 125 og kommenterte alle med namn og andre opplysningar, og dessutan ei og anna historie knytt til nokre av bileta.
Etter framsyninga overleverte lagsleiar Birgit Fjelle blomar til Ingjerd, kona til Ole Rogne, og til Elias Rogne. Sonen til Ole Rogne, Eldar, takka for det gode arbeidet som er gjort med bileta og sa at det var i faren si ånd at dette kjem flest mogleg til gode.