Gamle synder vert rydda
Tilbake på 1960-70 talet vart eit lite område ved badeplassen Vikane på Flemsøy/Skuløy nytta som søppelplass. Ein 10 meter høg skråning ned mot sjøen.
Dette var ein uorganisert søppelplass for verksemder og private, ein plass der havet henta litt og resten vart liggande utsett for vêr og vind. Slett ikkje bra for miljøet. Fleire tilsette ved Rolls-Royce Marine Longva har engasjert seg i å halde badeplassen Vikane rein for skrot og søppel, noko som no har ført til ei grundig oppreinsking.
Rolls-Royce Marine Longva
Det nytta for dei tilsette å engasjere seg. Rolls-Royce konsernet har avsett midlar til ymse samfunnsprosjekt. Midlane har mest vore nytta til idrettsformål, men RRM Longva søkte om å få midlar til eit samfunnsprosjekt i Rolls-Royce regi med formål å rydde den gamle søppelplassen. Etter nokre runder med saksbehandling fekk dei prosjektet godkjent. Maskiner og utstyr kunne leigast inn. Ryddeprosessen er i gang og gamalt skrot skal vekk. Plassjefen ved RRM Longva, Tommas Brugrand, orienterte om saka, og kunne fortelje at det var første gang at ei RR verksemd hadde fått midlar til eit prosjekt av eit slikt samfunnsnyttig formål. Reine pilotprosjektet.
Vanskeleg tilkomst
Det var nok lettare å kaste enn å rydde. Vegen er smal og slett ikkje bygd for tunge anleggsmaskiner. Skråningen er bratt og mellom søppel og skrot ligg også store stabbesteinar som er velta ned frå vegkanten for mange år sidan. Første billasset gjekk greitt å fylle med gravemaskin, men så vart det utrygt med maskinarbeid heilt inn til det oppmura vegfundamentet. Vegen er gamal, den er bygd med handemakt over ein tiårs periode og stod ferdig i 1926. Den gongen hest og kjerre var rådande på vegane her ute. Så manuelt arbeid måtte til – grapse og spade.
Søppel av mange slag
Metallspon og metalldeler fortel at her har industrien kasta sitt, medan vaskefat, knotteplast, støtdemparar, glasflasker, plastflasker, batteri og plastsekkar med hageavfall fortel om andre brukarar. Ja, til og med gamle sprøyter med tynne sprøytespissar var å finne mellom steinane. For å seie det enkelt og greitt, her var det avfall av alle slag. Det skal også gravast etter søppel ned i strandsanden. Gravemaskinen har teleskoparm som når ned. Ein må nok rekne med at båra og havet har henta ut mykje av det lette avfallet som har ramla heilt ned der båra når. Slik som t.d. plast.
Gamal og ny tankegang
Denne søppelplassen har nok blitt til i dei tider då ein ikkje tenkte at avfall var forureining. Ein var van med at naturen og havet tok tilbake og resirkulerte sjølv. Ting rotna og rusta. Plast var også eit «produkt frå naturen», utan vår tids nye fokus og kunnskap om plasten si skremande rolle i næringskjeda i havet. Og alle dei andre miljøgiftene. Vårt store maritime matfat i krise?
Olav Skarstein