Gull og beste sceneshow til Norsk Gjenvinning!
Husk Grand Prix på Haramsøy skule med gode songar og dyktige songarar. Elevane ved ungdomsskulen eigde scena og tok salen med storm.
Grand Prix konsert
Gamle og nyare GP melodiar med sjølvskrivne tekstar om saker som opptek dei unge. Det å vere fjortis, bonde eller president. Ut i verda, framtida eller fest på kvileheimen.

SØLV! Charter-Sevrin & Co med “Ut i Verda”. Andrea G. Austnes, Jakob Ravnestad, Jonas Nogva, Jon Atle, Sevrin Larsen og Synnøve Longva.
”Framtida er vår og vi vil vere fri” eller ”Køyre på, vi vil bestå og ein seksar vil vi få”.
Vinnarlåten ”Otto sine bossdunkar” var nærmast ein reklame for bossdunk. Eit hint til reklame for kva det måtte vere som fyller våre liv og dunkar – kvar dag.
Fengande opning
62 elevar frå tre øyar, Lepsøy, Haramsøy og Flemsøy/Skuløy på scena i kor og orkester og GP melodien frå 1985, La det Swinge! Fire solistar med gode stemmer: Benjamin Wagner, Syver Flem, Anna Høistad Bergheim og Kari Nyhus Aksnes fekk dei 300 i salen i svinghumør.
Lærerikt opplegg

BRONSE! Fjøsnissane med “Bondekar”. Martine Aakre, Henrik Davik, Håkon Brekke, Eskil Flem, Oda Austnes og Sigurd Flem.
Grand Prix showet er på dei unge sine premissar. Det går med nokre skuledagar, men vi forstår at dette er læring på høgt plan. Fellesskap og planlegging, bruk av teknologi, internett og moderne lyd og lysutstyr. Og så må dei dikte, pugge og øve. Det heile skal syast saman til eit show. Det klarte dei unge proffe. Programleiarane, Sevrin Larsen, Malin Fjørtoft og Ida Ravnestad hadde full kontroll.
Fin torsdags kveld
Mykje folk i lag, mat og kaffi og brus. Tid til prat og tid å glede seg over ungt engasjement og glede. Mange stolte søsken, foreldre og besteforeldre. Skulle berre mangle, for dette var kjekt.
Olav Skarstein