Hanggliders på Skulen
Nordsida av øya kan sjå ut til å vere velegna til å flyge med «parasoll» – eller hangglider på norsk. Tre karar kom opp på toppen av Skulen og sonderte forholda for å ta seg ein flygetur. Etter litt «research» gjekk dei bort på vestsida (der Skule-sida går bratt ned mot Longva-dalen) og sette utføre.
Ein lett nordavind såg ut til å gi fin oppdrift langs fjellrøra. Dei tre flygarane sigla utover til Støene om lag, og deretter tilbake forbi Skulen for så å snu og flyge utover igjen. Slik heldt dei det gåande eit par timar fram og tilbake mellom Støene og Nogva før dei til slutt landa elegant ikkje langt frå fjøsen i Flems-dalen.
For ein lekmann såg det ut som det var bortimot perfekte forhold for hanggliding langs fjellkanten denne dagen, med ein lett bris frå nord-aust.