HaNo-dagane
HaNo-dagane med salsmesse, underhalding, fotball, smaksprøver, middag og kaker. Alt du treng heile helga. Mangla berre ei hengekøye for natta.
Ny sykkel, hårklipp, spekepølse, tupperware, kunst eller foto på veggen, sko og regnklede, godt i munnen. Her var nesten alt. Skulle tru at Ålesund Oljeklede gjekk tom for regnklede laurdagen. Knapt opplett mellom byene, likevel kom kjøpelystne til Nordøyhallen.
Godt besøk
Ca. 1000 innom messa i løpet av to dagar. Mest laurdag. Innleverte søndagskaker fekk bein å gå på ei døgn for tidleg. Utselt på middag. Vitnar om eit vellukka arrangement. Det er ikkje berre messe. Det er møteplass. Kor du enn gjekk, så trefte du på folk som hadde treft på kjende.
Handel
God handel i dei mange standane. Varer og tenester. Men også informasjon og tankar. Yan Austnes pynta neglar, med dekor og lakk. Tålmodige kundar venta på resultat. Frå 20 minutt til ein time for å bli så flott på begge hender. Yan, som har dette som hobby, konsentrerte seg i eit arbeid med detaljar.
Hummer og kanari.
Litt av kvart i denne buda. Mest populært er snø med smak. Bjarte Osnes kunne fortelje om ein butikk som ikkje avgrensa sitt produktspekter. Likevel var ein amerikansk trend, snø med smak ein hit. Snø med blå bringebærsmak. Du verden. Såg mange med blå snø.
MOT
MOT har så langt jobba i dei øvste klassetrina. Men no også mot barneskulane. Også HaNo har oppretta ein MOT-klubb.
Mot til å leve, mot til å bry seg, mot til å seie nei, mot til å sjå menneske, mot til livet. Ei røyrsle som vi må sjå og dyrke. Alle fotballjuniorane tok scena, og i eit stort kor framførde dei Mot-songen.