HaNo dagar i Nordøyhallen!
I løpet av to dager med salsmesse pluss ein kveld med underhaldning og standup, var det ca. 1350 innom dørene i Nordøyhallen. Skal seie at folket stiller opp for fotballaga sine. Kjekt med isolert hall mot regn og haustleg vêr. Heile 47 med utstilling, kle, sport, matvarer, smaksprøver, foto, snop og mykje meir. Dessutan kafé med middagsrettar og kaker. Fotball ute og moro for born inne. Moteshow på catwalken med unge og vaksne modellar. Dei synte kle og sko frå tre av utstillarane. Ei helg i hallen der folk kosa seg både med handel og det sosiale. Sjuande HaNo-dagar i Nordøyhallen.
Mange gode tilbod og spanande varer
Kandal Kjøtt er første gang på Haramsøy frå Kandal i Breim (Nordfjord) med lokalprodusert kjøtmat der geit og kje er med i alle produkta. Dei hadde med nokre av produkta, steik, lår, bog, indrefilet, påleggsrull, spekelår og spekepølse. Paul Nygård kunne fortelje om godt sal på sin første tur til Nordøyane.
Meir Nordfjord. Frå bær og fruktbygda Sandane, på Nordstranda der sola mognar frukta i god jord på solsida, kom Påldtun frukt og bær med gode lokale produkt. Nymogna norske epler freista. Alle kassene gjekk allereie første dagen. Magne Ravnestad var godt fornøgd med salet av både eple og andre produkt han hadde med seg; Saft, syltetøy, gele, hermetiske plommer og epler, plommer i cognac, m.m. Heilt tydeleg at dette er mat som står høgt på handlelista.
Frå Frøysagarden i Sykkylven fekk vi smake laks og aure. Heimelaga, varmrøykt, einerøykt og til og med røykt villaks. Bjørn Midtlid har vitja HaNo tidlegare og eg forstod at han nok vil kome attende både med laks og sin eigenproduserte sennepsaus. Varene gjekk unna.
Lokal Frisørsalong, Paletten Frisør, 20 års jubileum seinare i år. Linda Nogva Vedeld har drive salangen stort sett som einaste frisør i denne tida. Litt hjelp har ho hatt opp gjennom tida. Men no har salongen fått fleire kundar, ho har to tilsette og kan tilby fleire tenester.
Mellom anna hol i øyra. Vi fekk sjå ein kunde som kvidde seg til å få hol for første gong – med vener på orkesterplass. Tøff jente utan ein lyd, kunne forlate salangen med nytt smykke i øyret. Vi fekk vite at det seinare på dagen vart kø til ”Hol i øyre”.
Sporten Brattvåg hadde ein riktig stor stand og masse varer. Dei har vore faste på HaNo dagane i 16 år. Jeanett Rogne Johansen og Per Arne Johansen er svært nøgde med årets messe. Godt sal.
Lille nøste, garn og gourmet var første gang på HaNo messe. Denne spesielle butikken frå Vatne. Med alle dei strikkeglade ute på øyane, er det ikkje rart at garnnøsta gjekk unna. Men også ein del godsaker til kjøkenet fann vegen til handlenetta. Cathrin Nesje Holmeset gav ros til øyafolket for god mottaking. Ho kjende seg riktig velkomen.
Leik og underhaldning
Gøy for dei unge. Litt av kvart, eit lite luftslott for dei minste og jungeldyrkøyretøy for dei litt eldre borna. Stor aktivitet og høgt lydvolum som ein stor hall dempa til leveleg. Dessutan er hallen så pass romsleg at ein kan både springe og leike på mange måtar.
Søndag var det to gonger song og dans frå scena. Ein stor gjeng skuleborn song og dansa BlimE songen. Ein song og dans dei har lært på skulen og på You tube. BlimE er en vennskapskampanje frå NRK Super. Vere vener og stå opp for andre og stå opp for seg sjølv.
Brannvernet stilte med bannbil og blinkande blålys til stor glede for mange nygerrige. Dei hadde også med seg brannbamsen Bjørnis. Ein stor flokk barnehageborn dansa på scena saman med brannmenn og Bjørnis til songen ”Her kommer Bjørnis”. Fint for slekt og foreldre å få sjå og høyre det som borna driv på med på skulen og i barnehagen.
Heile seks HaNo-generalar hadde ansvaret for eit knirkefritt arrangement. Dei var veldig godt nøgde både med mange nye standar og godt besøk. Dei seks er Ivar Fjørtoft, Siv Ulla Otterlei, Synnøve Rekdal, Tommy Røynstrand, Beate Austnes Nogva og Solveig Dalhaug Ulla. Dei har vore med å arrangere denne messa i mange år og har fått god erfaring, så då er det etter kvart lettare å få med alle detaljar.
Olav Skarstein