Havgaprock flyttar i hall
Uvêret truga! Best å flytte under tak for Havgaprock – ei handling som satt litt langt inne – men verka rett. Likevel er inne – ”inne” og ute er «ute». Og det er ute at havgapet kjem til sin rett!
Sjølv om det ikkje vart utefestival, kom rockefrelste til hallen. Lydnivået var det ikkje noko å seie på, og øyrepropper var til sals til dei som ikkje ville høyre alt. Det vart mindre arbeid med rigging inne kunne Preben Austnes Lorgen fortelje, men dei hadde likevel om lag like stort mannskap som ved festivalen på Ulla i fjor. Dei hadde lagt stor vekt på tryggleik og at regelverk skulle følgjast. Dei mange vaktene hadde god kontroll. Godt med sitteplassar litt unna scena og god plass framfor scena der Farstad Lyd styrde lyd og lysshow.
Rock og lys
Seks grupper hadde scena etter tur. Ikkje alltid like lett å vere første bandet sidan publikum gjerne kjem sigande litt etter kvart og alle er nok ikkje på plass før eit stykke ut i konserten. Første gruppa klarte seg likevel svært godt. Eric & the Horsemen frå Ålesund og omegn har spelt i lag i 7 månader. Eric Solheim har med seg Jonas Gamlem, Erlend Juliebø, Nico Raths og Mathias Sørli til Havgaprock. Dei har delteke på lokale konsertar, men denne er topp. Dei har spelt inn eit par låtar, m.a. Baby Blue som dei hadde med no.

Lars Ole Godø & the Crew. Simon Roald Trå, Kristoffer Fosse, Lars Ole
Godø, Jim Tommasen og Henning Dyb
Lars Ole Godø @ the Crew har litt fleire år på baken. Bandet vart starta i 2015 og dei har gjesta Havgaprock ein gomg før (2017). Dette er einast konserten i år. Dei fleste er fiskarar, så tid til konsertar vert det for lite av. Godø sitt mannskap er Simon Roald Trå, Jim Thommasen, Henning Dyb og Kristoffer Fosse. Alle frå Ålesund og omegn. Dei hadde ti låtar der vi nemner Soul Control, By my side og den nye singelen Closer.

Horizons Project. Pål-André Måseidvåg, Ole Tommy Blomvik, Svein
André Riise, Bjørn Helge Lervåg, Roger Hauge og Jonas Åkre.
(Finn Thorsen og Børre Dalhaug er skjult)
Horizons Project, eit stort band med 8 mann. Bjørn Helge Lervåg, Finn Thorsen, Børre Dalhaug, Pål-André Måseidvåg Ole Tommy Blomvik, Svein André Riise, Roger Hauge og Jonas Åkre. Kjem frå Sula. Bandet har tidlegare år spelt både på Jugendfest og Sommerfesten på Giske. I år er det Havgaprock og Ålesund Båtfestival. Gruppa har stor spennvidde og festivalprosjekt er midt i blinken for dei.
Mahogni frå Ålesund. Fire glade gutar som har spelt saman i ca 10 år. Marius Lunde Petersen, Hogne Aarflot, Jan Ivar Volstad og Erlend Alm Lerstad. Likar å engasjere publikum, by på kvarandre, vere folkelege, stikke litt med eit litt sosialistisk preg. Dei har spelt på Sommarfesten på Giske i år og skal i september på haustscena på Teaterfabrikken. Har gjeve ut tre plater.

Drusar. Håvard Erle, Øyvind Heggheim og Jan Tore Befring. På
trommer er det ikkje råd å sjå Trond Vilnes
Drusar frå Sunnfjord med Håvard Erle, Øyvind Heggheim, Jan Tore Befring og Trond Vilnes prøvde å lette taket med tung folkerock. Fjerde festivalen i år. Dei kom direkte frå Revetal der dei spelte kvelden før. Ti timar i bil til Haramsøy. Bandet gjesta Havgaprock i 2017 og var glade for eit gjensyn. Drusar har musikken som eit hobbykonsept og leverer ekstremt breibeint ”råkk”! Favoritten til mange på Haramsøy i år.
Saint Deamon avslutta rockekonserten. Halvsvensk og halvnorsk med Stockholm og Kongsberg/Hønefoss som adresser. Toya Johansson, Jan Thore Grefstad, Nobby Noberg og Jarle Byberg har spelt i lag sidan 2007. Dei skal gje ut si tredje plate i slutten av august og skal ha ein konsert i Oslo i samband med platesleppet.
Havgaprock
Vi kosa oss med nok ein fint gjennomført festival. Skjenkekontrollen var på plass og fann alt i orden. Dessutan kom to politi frå Ålesund og kontrollerte tryggleik og vaktsystemet. Dei hadde berre positivt å seie til gjennomføringa av festivalen. Litt ferre kom i år – kanskje var vêret ein negativ faktor. Men 420 betalande og ca. 80 mannskap og musikarar gjev ein festival med 500 sjeler. Bra det!
Olav Skarstein