«Havgaprock» i Vikane
Kanskje ser vi starten på ein ny musikkfestival når «Havgaprock» går av stabelen i Vikane på Flem i morgon 9. juli. Ein kameratgjeng med Preben Lorgen i spissen har bestemt seg for å arrangere ein rockekonsert ute i havgapet – ved det idylliske strandområdet Sandvika, som ligg rett ut mot storhavet. Blir det vellykka, kan det bli ny konsert neste år, og så får ein sjå korleis det utviklar seg, seier arrangørane.
Det er mangt og mykje som må ordnast i samband med eit slikt arrangement – alt frå løyve frå grunneigarane, avtale med bønder som har beitedyr i området, løyve frå politiet, godkjenning frå mattilsynet m.m. Så må det skaffast ei mengde folk til å hjelpe med mangt og mykje som skal ordnast – mellom anna må 30 vakter vere på plass.
Så er det utstyr av alle slag: mengder av lydutstyr, scene og «hus» for lydkontrollør, kilometervis med gjerde, stort aggregat for å skaffe nok straum, toalettfasilitetar osv. Her i utmarka er det ingen infrastruktur, så alt som trengst må hentast utanfrå og fraktast på plass. Det er mykje å tenkje over og hugse på, og det gjeld å ikkje gløyme noko vesentleg.
Banda som skal spele stiller i utgangspunktet opp gratis, og skal ha betaling berre dersom arrangementet går med overskot. Det har ikkje vore vanskeleg å få tak i band på desse vilkåra; faktisk har arrangøren måtta takke nei til folk som har meldt si interesse for å delta.
I dag (fredag 8/7) starta tilkøyringa av tonnevis med utstyr på smale og svingete grusvegar gjennom det idylliske landskapet ut til festivalplassen. Preben Lorgen & Co har samla ein utvida kameratgjeng (m.a. fleire frå HaNo fotballklubb) pluss fedrar og andre støttespelarar. Det er nemleg eit godt stykke frå vegen til konsertplassen, og dit må alt fraktast med handemakt. Ein stri tørn blir det nok å få alt på plass til festivalen startar i morgon kl. 17.00, men «med god manns hjelp» går det meste.