Heilt topp på Skulen
Superdag på Skulen, fjelltoppen på Flemsøy/Skuløy. Øyrådet med helikoptertilbod og Nordøy idrettslag med turmarsj til topps.
Endeleg var både sol og flyvêr på plass for helikopterturar til Skuletoppen for mange som ikkje lenger har helse til å gå den lange turen og for dei som ville ha ei ekstra oppleving. Folk skein i kapp med sola og kunne tenkje seg reprise på opplevinga ved eit seinare høve.
Nordøy Idrettslag. For å gje dagen litt ekstra innhald, snudde idrettslaget seg rundt og arrangerte turmarsj til Skulen. Fekk opp grillkol, kaffi, vatn og skulebollar som dei serverte både til dei som trimma og dei som landa mjukt. Veldig bra tiltak som var med å glede alle. Rundt 100 personar var til topps.
Øyrådet med helikopter. Til den offisielle opninga i sommar var det planlagt helikopterturar. Noko som vêrgudane effektivt stogga. No kom høve, og 16 melde seg på til tur innan fristen. Når lyden av propell trengde seg inn i hus og sinn, var det fleire som vakna. 16 vart til 28 på Longva og på Fjørtofta sprang nokre frå krykkjer og plenklippar med motor i gang, då dei oppdaga at helikopteret også tok turen dit.
Ni fekk nyte turen til fjellet frå Fjærtofta – som er i deira daglege utsikt. Ingen angra, dette var kjempegreier.
Men det vart naudsynt med tur til Vigra for å etterfylle drivstoff når planane sprakk. Ti landingar måtte til før varer og folk var oppe. Oppleving for alle! og særleg for dei som ikkje har helsa til å gå så langt. Fleire pensjonistar, ja tre over 90 år fekk gleda av å kunne sjå til Vestkapp i sør og Farstad i Fræna i nord i klar haustluft. Kaffi og skulebollar!
Det kjem meir. Skulebua er sikra og tett. Du kan overnatte, men må ha med alt du treng. Ein omn å fyre i er på plass. Den er ikkje oppmontert enno. Det mest spanande er nok ein vêrstasjon med 4 webkamera seier Severin Longva. Solcellepanel og batteri vart frakta opp i dag og skal installerast i haust. Så kjem vêrstasjon med vind og temperaturmåling og webkamera som dekkjer 360 grader.
Desse kan du etter kvart finne på Øyrådet si webside, www.nordoy.net. Sunnmørsposten er også litt interessert, ja dei kunne godt ha vore meir interssert i det som skjer nord for Ålesund seier Severin med eit smil.
Fire karar i frå øyane
På benken i solveggen sit fire helikopterturistar. To pensjonistungdomar, Karl Longva og Anders Fjørtoft, og to vaksne på 90 og 86, Peder Norvoll og Kåre Klokk. Utruleg godt fornøgde med turen og kjempeutsikta. Men kva dei såg nordover med skarpe auge? Her var det usemje og kikkertkontroll. Skimta ein Grip eller ikkje? Det fortel om ei klar luft med høve til å ta inn ei lang kystlinje med berre vanlege gode auge.
Ta turen til Skulen og sjå sjølv!
Olav Skarstein