HKL des 2023
Kulturhistorie i Haram
Ny årbok presentert i Brattvåg laurdag med både skribentar og publikum samla. Haram Kulturhistoriske Lag har i ei årrekkje gjeve ut årbøker med tekst og foto frå vanlege folk i Haram. Haram si historie i folket si eige! Det er det som er så spesielt med HKL, dei vender seg til rota – til dei som har opplevd. Då får du kjenne på livet den gongen då!
Samling på biblioteket i Brattvåg laurdag samla ca. 35 personar då den nye årboka for 2023 vart presentert. Ein fin liten gjeng av ei medlemsmasse på no heile 270 personar.
Vår komande ordførar Vebjørn Krogsæter, hadde lovord om laget og lova at Haram kommune også skal bry seg om Haram Kulturhistoriske lag i framtida. Kanskje vert han HKL sitt medlem nr. 300.
Litt program var det også plass til. Jostein Kvithaug, kjend diktar frå Hildrestranda, las ein prolog frå den gongen statua av arbeidaren i Brattvåg vart avduka. Ein hyllest til arbeidsfolk som flytta til Brattvåg og fekk seg jobb – mange fekk seg ektefelle – og vart verande i kommunen.
På stor skjerm rulla det også ein del eldre bilder frå Haram, både frå fastland og øyar. HKL er interessert i å samle fleire foto frå Haram si historie. Skribrentane mengla seg med dei frammøtte og fortalde om sitt arbeid – og eg har ei kjenske av at nye prosjekt fekk ein spire,
Det å skape ei årbok for Haram vert til med ein gjeng skribrentar som kan sin del av kommunen si historie (Haram kommune), kan mykje. Her er nok mykje meir kunnskap om fortida blant folk, men ikkje alle likar å skrive så mykje sjølv. HKL har derfor eit opplegg med skrivgrupper på gang. Skrivegrupper som kan hjelpe med å få orda ned på papiret. Det vert spanande.
Haram Kulturhistoriske Lag har ein aktiv formann som brenn for historie; Sveinung Giske. Han vil vite om alt i vår historie. Del med han, del med styre, del med medlemer.
Ver med å skrive historia!
Olav Skarstein