HKL i samarbeid med Høgskulen i Volda
Bakgrunnen for samabeidet er bygginga av Nordøyvegen og den informasjonsinsamlinga som Haram Kulturhistoriske lag har starta. Denne informasjonen er viktig som grunnlagsdata for forskarar som ønskjer å finne ut meir om effekten av vegprosjektet. Kva som skjer med folket på godt og vondt, korleis samfunnet vert påverka, busetnad, arbeid, forventningar, m.m.
Med ein god database ligg alt til rette for at Norøyvegen kan bli eit godt forskningsprosjekt. Høskulen i Volda møtte HKL i ID huset iBrattvåg, der gjensidig informasjon vart utveksla. Høgskulen var representert ved professor Fin Ove Båtevik (Inst. for sosialfag), førstelektor Grethe Mattland Olsen (Inst. for planlegging, adm. og samfunnsfag) og høgskulelektor Harald Krøvel (Historisk inst.). Frå Haram kulturhistoriske lag møtte styret samt personar som er knytte til laget i samband med innhenting av foto og informasjon om Nordøyvegen.
Høgskulen fortalde kort om dei aktuelle institutta og interessa i samarbeidet. Her er det emne som livsløpsforskning, folkehelse, lokalhistorie, kystkultur og samfunn. Dessutan er det av stor interesse å koble studentar opp mot prosjektet. Då kan det vere aktuelt å få ordna overnattingsplassar, og neste omgang også praksisplassar (utan løn, men ein stat å vere).
I eit forskningsprosjekt treng ein også midlar. Sjølv om det i mange av stillingane er lagt inn ein viss forskningsprosent, vil det nok vere aktuelt å kjøpe fri undervisingstimar. Så arbeid med å skaffe finansiering vert viktig for eit godt resultat.
Sveinung Giske i HKL fortalde om nettportalen der informasjon vert samla. I tillegg til ny informasjon er det også scanna og lagt inn informasjon heilt frå starten, då planane om vegprosjektet tok til.

Atle Longva, Roy Asle Andreassen, Solveig Krogsæter, Inger Lise Andreassen, Liv Longva Nilsen , Harald Krøvel, Finn Ove Båtevik, Grethe Mattland Olsen, Kjell Reiten, Eli Standal, Sveinung Giske, Bjørn Kåre Høistad og Sindre Rogne – leiar i HKL.
Med den interessa som vart vist, kan ein sjå lyst på det vidare arbeidet med prosjektet.
Olav Skarstein