Høyr kva vi har lært på kulturskulen
Haram Kulturskule tek sommarferie. Då er det på tide med konsertar for å vise kva borna har lært. Fem konsertar i juni. Onsdag var det på Haramsøy for tre øyar.
I Haram har det vore 170 elevar som i løpet av året har lært eller lært meir innan teikning, måling, song og musikk. På øyane har det vore elevar innan song og musikk. Skulen har 12 lærarar. Tre av desse har vore knytte til Lepsøy, Haramsøy og Flemsøy/Skuløy. Rektor Hans Peter Neergård kan fortelje om god trivsel på skulen, sjølv om ein elev eller to i blant kan møte veggen. Det går seg til. Flest elevar i alder 6 – 12 år, men nokre held på til høgre alder.
I tillegg driv kulturskulen aspirantopplæring til korps.Elevane vil gjerne vise kva dei kan. Nervøse og modige. Ein etter ein presenterer dei i samsvar med læretid. Nokon er ferske og andre har meir fartstid. Elleve jenter og gutar hardterer gitar, piano eller kanskje den vanskelege greina; solosang. Mange gode prestasjonar. Swantje Tasler på klassisk gitar og tvillingane Bianca og Wiktor Broda på piano, Frida Otterlei på piano. Masse god lyd frå desse og resten av elevane.
Alle fekk velfortjent applaus.
Sjølv om alle var gode på scena, var det likevel ei jente som hadde litt ekstra. Emilie Liu Austnes sang ”When I was your man” på ein svært overtydande måte. Med sterk og god stemme trollbatt ho salen. Reknar med at vi får høyre meir til den flotte stemma i framtida. Stå på Emilie.
Rektor er nemnd. Dei tre lærarane, som også akkompagnerte til sang og gitarspel, er Silje Iren Helle, Krastyu Panev og Slavey Stoyanov. Ingvild Haram er også tilknytta skulen innan aspirantopplæring til korps. Lærarane hadde eit par melodiar til konserten. Dei avslutta med Fosheim/Rølles ”Cheerio”.
Olav Skarstein