Hyggekveld på biblioteket på Longva
Det skulle vere ein brettspelkveld i regi av biblioteket for både store og små, men vart i staden ei sosial hyggestund for oss i godt vaksen alder.
Det var lagt opp til stigespel, ludo, kinasjakk og sjakk seier bibliotekar Synnøve Moe Klokk, berre brettspel denne gongen. Men til trass for plakatar, bruk av facebook og melding i Nordre var det få spelelystne som møtte opp.
Dei unge
Nokre yngre gutar var på plass ved opningstid og snusa litt på spela, men dei forsvann ganske fort. Eg trur dei hadde forventa noko på data seier Moe Klokk. Biblioteket vil prøve vidare. Meininga er å få til ein sosial møteplass.
Dei vaksne
Fleire vaksne bibliotekkundar tok seg tid rundt bordet med kaffi og kake. Ikkje så mykje speling der heller, men samtalar om både folk, slekt og hendingar gjekk lett. Og så litt helseplager då, som er aktuelle for godt vaksne.
Ein ivrig bridgespelar kom inn på at det er vanskeleg å rekruttere yngre til bridgeklubbane rundt om i Haram. Han er sjølv aktiv i bridgeklubben på Haramsøy, men dei har ikkje fått gjennomført ein einaste spelkveld i år. Det ser ut til at dei unge ikkje orkar å lære seg dette klassiske spelet, og då får dei inga fornying når dei eldste sluttar. Han set si lit til at Norøyvegen kan vere med på å samle eit større distrikt.
Møteplass
Sjølv om det vart lite sjakk og ludo, vart nokre sitjande å prate i nesten to timar. For denne gruppa var samværet viktig. Uforpliktande og med god tid. Vi veit at det i mange aldersgrupper er ein del einsemd. Det sit mange aleine heime som har behov for kontakt med andre. Ein møteplass som denne var flott og gav nok meirsmak. Sjølv om ein ikkje kan forvente at Synnøve Moe Klokk stiller med god heimebakst kvar gong.
Når vi var klar til å rusle heim, var det fleire som sa at dette hadde vore ei kjekk stund, ei god stund i lag.
Så får vi sjå om biblioteket finn andre spel og/ellere lokkemedel til komande kveldar.
Olav Skarstein