Hytte på toppen av Skulen
Nokre karar frå «startgruppa» har sysla med tanken om å setje opp ei hytte på toppen av Skulen for å gjere fjellet endå meir attraktivt som turmål, både for fastbuande og turistar.
Kor stor hytta skal vere, korleis ho skal sjå ut o.l. er ikkje bestemt enno, men tanken er ei åttekanta hytte med ca. fem meter diameter. For å kunne nyte den fantasiske utsikta frå innsida, er det planlagt å ha vindu rundt heile hytta.
Dessutan skal det monterast tavler ved vindua med informasjon om landskapet som ein ser. Det vert òg snakka om å ha nokon slags briskar i hytta som folk kan sitje på og ete maten sin, eller ligge på om ein vil overnatte. Muligheiter for å grille vert også nemnt.
Trivselgruppa har nedsett ei eiga gruppe som skal arbeide vidare med Skulebua: Arnfinn Flem, Kåre Flem, Severin Longva og Knut Flem.