Ikkje berre øving!
Kveld etter kveld med samhald, replikkar, ordrar, latter og prat. Vener på ein fin sosial plattform på Framtun. Musikal: Skjønnheten og Udyret!
Her surrar det i stemmer og sang. Av og til nasen ned i telefonen, men ikkje ofte. Vener som tek på kvar andre, stryk over hår eller kinn. Eit kyss på kinnet. Internett har ikkje ein sjangse her. Enter! Teaterarbeid som fører dei unge tettare saman. Vert glade i kvarandre. Sosiale medier har pause. UL Fram si ungdomsgruppe dyrkar livet kveld etter kveld, mot eitt mål – Premiere Jonsokkvelden! Men no er det detaljar, tilpassing av kostymer, plassering på scena, lyd og lys. Sminking er ikkje i gang enno.
Den animerte Walt Disney musikalen frå 1991 er godt kjent blant dei unge. Den vert rekna som ein av dei beste Disney musikalane. Den er basert på eit fransk eventyr ”La Belle et la Bête” som vart filmatisert i 1946. UL Fram syner den på scena, på norsk.
Anna Høistad Bergheim spelar Mrs Potts. Ho kan fortelle at dette er favoritt Disney filmen hennar. Kjekt å få spele ei av dei store rollene. Gledar seg til å få møte publikum og vise kva dei har fått til. Til tider travelt i konkurranse med skulearbeid, men ho får mykje igjen tykkjer ho, både sosialt og det å bli sikrare på seg sjølv.
Syver Flem spelar Lufou. Han tykkjer det er gøy å øve – kjekkaste som finst. Framhevar det sosiale og det å bli betre kjent med folk. Har blitt tryggare sosialt og tør meir. Kanskje utvikle seg til ein god skodespelar. Gledar seg til framsyningane.
Petar Milic har ei av hovedrollene, Udyret. Petar tykkjer det ei oppleving å få vere med å spele teater. Det er også derfor at han brukar mykje fritid til skodespel. Har mykje tekst som kan vere vanskeleg å hugse, men når spelet er i gang kjem teksten. Så det er ikkje stress på scena. Om han får noko igjen sjølv, jau gode vener, lære seg å stå på ei scene, modigare i lag med framande og kunne gje meir av seg sjølv.
Emilie Ulla Otterlei har rolla som Skjønnheten. Emilie har vore med lenge, og er kvart år spent på kva som blir sett opp. Det er gøy og lærerikt med teater og dette stykket likar ho. Bonus å få hovudrolle. Går mykje tid til øving, men no når skulen tek slutt er det enklare. Har litt nervar når spelet er i gang, men det er med på å skjerpe sansane. Ho tykkjer ho får mykje igjen sosialt, får erfaring på scena og vert litt tøffare i lag med andre.
Etter å ha sett nokre smakebitar av musikalen, kan vi trygt tilrå eit teaterbesøk. Musikalen vert sett opp både på Rogne og i Brattvåg.
Olav Skarstein