Informasjon frå Økonomigruppa
Det er ikkje denne gruppa i Øyrådet som er mest i rampelyset – arbeidet går mest føre seg i det stille. Men i kulissene skjer det ting av betydning for arbeidet i Øyrådet, og her kjem ei statusoppdatering.
Medlemsverving
I mars i år vart det lagt vervelappar i alle postkasser på øya. I skrivande stund er det 96 personar som har betalt medlemskontingent (100 kroner per år). Nokre av desse er utflytta øyingar. Her på nettstaden (under Øyrådet → Utflytta øying? i høgre kolonne) er det høve til å melde seg som medlem.
Bygdemobilisering
Tidlegare i vår lyste Fylkesmannen ut midlar til «Bygdemobilisering» – tiltak for å skape vekst og utvikling i lokalsamfunnet (som er midt i føremålsparagrafen til Øyrådet). Dette søkte vi på, og har fått tilsegn på inntil kr 225.000 over ei treårsperiode. Pengane blir utbetalt etter kvart som vi arbeider med prosjektet og dokumenterer det som blir gjort.
Skulebua
Ei eiga Skulebu-gruppe er i sving for å få plassert ei hytte på toppen av Skulen, og planlegginga går sin gang. Så langt er det sendt 11 søknader om tilskot på dette prosjektet. Nokre avslag har vi fått, men òg tilskot: kr 20.000 frå Annasthe AS, kr 5.000 frå Haram kommune, og kr 25.000 frå Sparebanken Møre så langt.
Uteområdet ved Flem skule
Haram kommune inviterte i vår til samarbeid om utbygging/oppgradering av kommunale uteområde. Dei hadde sett av 1 mill. kroner på budsjettet til slike tiltak. I samarbeid med skulen utarbeidde vi eit prosjekt og søkte om midlar. Vi fekk kr 156.000 til formålet, og planen er at arbeidet skal vere fullført innan utgangen av året.
I tillegg søkte vi Frifond barn og unge om pengar til same føremålet og vart tilgodesett med kr 35.000.
Søknadsskriving er såleis ein viktig del av oppgåvene til Økonomigruppa. Men det er sjølvsagt mange andre måtar å få inn pengar på, og vi tek gjerne imot tips og forslag om pengeinnbringande tiltak. Bruk gjerne forslagskassa på høgre side.