”Jag trivst best i öppna landskap”
Frå eit innestengt miljø i skogen på Nogva, litt mørkt og rått – til eit ope landskap med lys, luft og austavind. Ny tid for dei som bur her og sitkagrana vil dei ikkje sakne.
Det var nærliggande å tenkje på Ulf Lundell sin tekst, ”Jag trivst i öppna landskap – næra havet vil jag bo”, når skogsmaskinene la trea flate og utsikta over land og hav opna seg. Når ein bur ved havet, så er havet ein kjær nabo både i storm og stille. Ei utsikt ein vil ha – lukte og sjå.
Skogen
Ein gard ut mot havet, nokre kyr på småbruket og resten av livsgrunnlaget frå havet. Ny tid, skogplanting, vel, her på garden vart det planta skog på omlag 50 mål etter at den vanlege gardsdrifta vart avslutta på 70 talet seier skogseigaren, Johan Arnt Nogva. Foreldra hans var dei siste brukarane av småbruket.
Men skogen vaks seg kjempestor – så stor at når Kristin og Johan Arnt Nogva flytta attende til Johan sin barndomsheim for nokre år sidan – kjende familien at dei måtte få tilbake lyset og utsikta. Det er ikkje overkomeleg å felle mange tusen tre med handemakt og kva skal ein med så mykje ved?
Ved sidan av å ta lys og utsikt, tok husa skade av å ha så mange tre tett inn på. Sopp og rote truga bygningane. Det er nok mange andre huseigarar som har fått same lærdomen av tre tett inn på.
Moderne skogsmaskiner
Firmaet som feller skogen heiter Trønderskog AS. Dei har skogsfellingsmaskiner i megaklassen. Udyr som sagar, kvister og deler eit tre ned mot 15 sekund. Maskinkøyrar Aleksander Holtan tok seg ein kort pause – jau, 15 sekund, men litt lengre tid dersom det var mykje kvist. Denne 50 måls skogen skal ned på eit par veker. Noko tømmer går til Tyskland og noko går til celluloseindustrien i Trøndelag.
Ope landskap
Johan Arnt Nogva er glad for å bli kvitt sitkagrana. Han har plukka hundrevis av granavleggarar rundt om på garden – medan dei er små og lette å nappe opp. Det tek ikkje lang tid før dei festar seg og gjev kraftig motstand. Det mest kjærkomne er utikta, utsikta han kjenner frå barndomen. Leia med skip mot nord og sør. Vel, familien vil få litt vind midt i fleisen, vind som også bles knotten bort frå husa. Mest fordelar og få ulemper.
Olav Skarstein