Jonsok og topp teater på Rogne
Midtsommarfest med teater, rømegraut og disko. Ja, bål og jonsokbrudepar er grunna praktiske årsaker lagt på is, men til gjengjeld serverte ungdomsgruppa i UL Fram ei uforgløymeleg oppsetjing av musikalen ”Anastasia”.
”Anastasia”, så skremande og skummel at dei yngste fann tryggleik i eit vakse fang, så elegant og lett at latteren satt laust og romatikken lokka ei tåre ned på kinnet. Høgt tempo, flotte og skiftande scener, kostymer ein berre ser på profesjonelle scener, eggande dans og ikkje minst gode og modige songprestasjonar! Ei rein velvere å vere publikum på veg inn i historia. Musikalen Anastasia har vore vist både på film og på teater. Tida er tidleg på 1900 talet. Tsar Nicolai av Russland held det siste ballet i vintersesongen, når det blir avbroten av den vonde trollmannen Rasputin som er ute etter hevn over Romanovfamilien. Anastasia overlever, hugsar ikkje kva som skjedde, men møter den kjekke Dimitri mange år seinare. Her går historia vidare….
Song og glede
Ved sidan av dei gode sceneprestasjonane, hadde songen ei sentral rolle. Mange aktørar stod fram med klokkeklår solosong. Anja/Anastasia hadde to av dei, ”Dans din draum” og ”Fortidas reise”. Andrea Gunnarstein Austnes leverte i denne rolla med glans! Godt for øyre. Tvillingane, Kari og Knut Nyhus Aksnes slektar på harmoni som vi likar å høyre, medan Leon Nogva Vedeld og Håkon Flem overraska med ein herleg duett.
Den første som lokka øyre var likevel enkekeiserinne Tatiana spelt av Mari Høistad Bergheim. Ein nydeleg stemme til meir enn heimebruk.
Aktørar og dei andre
Trettifire ungdomar, tre instuktørar og ei vøle med hjelparar. Replikkar og kostymer. Mykje jobb og mykje tid, ei av eldsjelene, Linda Nogva Vedeld, elskar å sjå at dei unge utvikle seg. Ser at det dukkar opp eit talent i blant som kan bli til noko. Å bygge opp til framsyningar er etter kvart ein livsstil, med dag etter dag med kostyme, scene og symaskin. Dagar og veker. Linda likar dans og koreografi. Likar utfordringar! Tenk å få til eit toppteater på ein så liten plass som Rogne! Set ikkje grenser berre fordi vi bur på ein liten plass. Det er som å skape på stram line. Må også ta med dei to andre eldskjelene, Reidunn Rogne Flem og Marion Høistad Bergheim. Utan eldskjeler og gode hjelparar hadde det ikkje vore mogeleg å få fram ei så flott resultat.
Andrea Gunnarstein Austnes og Audun Høistad Aakre, begge med roller med mange replikkar, hadde tid til ein liten prat. Det er så bra, begge ungdomane set pris på øving og samhald. Vere i lag med vener og ha mindre telefontid. Sjølv om prosjektet tek timar, tykkjer både Andrea og Audun at det er verd det. Gode vener, godt å vere i lag.Både Andrea og Audun har mange år på baken med teater på Rogne. Andrea hadde hovurolla i Annie i 2014, men synest at rolla som Anastasia var meir utfordrande. Mange replikkar å lære. Sjølv om ho er litt nervøs med full sal, så går det fort over når spelet er i gang.
Audun hadde rolla som Bartok, ei flaksande flaggermus med masse mimikk og kroppsspråk og gode replikkar. Han likar godt utfordringa i å stå på ei scene og utfolde seg. Han har vore med på seks oppsetningar, 4 i barnegruppa og to i ungdomsgruppa. I 2014 var han sjølvaste Putti Plutti Pot.Andrea og Audun og alle dei andre unge leverte flotte prestasjonar i denne oppsetninga. Tøft å spele den vonde Rasputin i ei verd der det meste er positivt. Jonas Remii Nogva tolka rolla si godt, og skemde mange med si buldrande røyst.
Honnør til UL Fram for framifrå arbeid!
Olav Skarstein