Julemesse på Gamleskulen
Etter Svart Fredag kjem Raud Søndag. Raud dag på kalenderen og julehandel på Gamleskulen på Flem. Utan krangel om varene, for her var det litt av kvart for alle.
Som vanleg mykje folk allereie ved opning, for mange veit at nokre varer går fort. Johanne Flem sine smurde lefser skifta raskt eigarar. Fjorten standar med lokale og tilreisande produsentar. Mellom dei 5 ungdomar.
Fornøgde med sal
Side ved side var Ine Mariell Austnes og Julie Flem. Den første med fleire sortar småkaker, tørrvafler, heimelaga drops og ikkje minst flotte kransekaker. Dei som ikkje fekk kjøpt kransekake her, har høve til å tinge i ettertid. Julie Flem med dekorasjonar i ymse storleikar og pynta lys, ho gjekk også omlag tom for varer. Veldig fornøgde begge to.
Ole Einar Flem hadde kokt søst, med og utan gluten.
Populært og søst passar godt til lefser. Flem hadde også med nokre eggkartongar med egg i ymse fargar og med ei spesiell historie. Eit høneprosjekt på Flem skule, der første og andre klasse hadde ruga fram 14 kyllingar av fleire slag. Eit spanande og vellukka prosjekt.
Kyllingane er no vaksne og hadde adresse på garden på Haram. Dei hadde produsert egga som no var til sals.
Inger Beate Hjørungnes med strikkevarer, vottar, gryteklutar og nissar. Også ho hadde egg frå frittgåande høner og eit spanande utval av gelé av rips, plomme, solbær og rognebær frå Rogne. Inger Beate kunne by på heimelaga ramslaukpurré – ein lauk som kan nyttast i staden for kvitlauk i ymse rettar.
Beate Aksnes hadde strikka/tova sokkar, men satsa dessutan på gjenbruk. Gamle olabukser vart tøffe vesker. Gjenbrukstanken er sterk for tida.
Dei yngste
Aurora Longva, Frida Otterlei og Vilde Ravnestad – unge veteranar på julemessa. Dei hadde smultringar, kaker, snop, gåvelappar, pynt og godt. Vilde kunne etter kvart vise til ein utstillingsplass utan eit einaste produkt – eit kjemperesultat. Medan Aurora og Frida hadde litt godsaker att på lager sjølv om salet hadde vore bra.
Gamleskulen
Birgit Fjelle var glad for at så mange hadde funne vegen til julemessa også i år. Omsetning på omlag kr 50.000,- (same som i fjor) er bra på nokre korte ettermiddags timar. Ein bonus med messa er at folk har tid og ro til også å kose seg med eit kakestykke og ein kopp kaffi.
Olav Skarstein