Jungellivet i Jungelboka!
Ulvar og gribbar, tiger, panter og slange – venar og fiendar saman med fuglar og apar og heldigvis den godlynte bamsen Baloo som har ein sterk og godlynt labb om menneskebarnet Mowgli!
Det er litt slik i det verkelege livet også; ulvar, gribbar, slangar og vener og uvener. Vi ser dei ofte og må vere vakne. Flott å bli minna på livet sine realitetar og utfordringar. Vi er i India der også både panter og tiger har flytta til Framtun på Rogne.
Teater og musikal; UL Fram si ungdomsgruppe held fram med å imponere. Stadig nye talent melder seg på både innan skodespel og ikkje minst sang. Solistane står i kø med stødige framføringar av gode songar. Skodespelarar som lever seg inn i handlinga. Jungelboka med sine utfordringar. Voldsomme scener, muntre scener, livlege scener og sterke scener. Ein kan knapt tru at det er ungdom frå 12 til 16 år som eig scena.
Jungelboka vert rekna som eit av dei klassiske verka i moderne barnelitterratur, og har blitt filma og dramatisert fleire gongar. Mest kjend er kanskje Walt Disney sin teiknefim frå 1967. Men å få dramaet på vår lokale scene er likevel spesielt.
Nye Framtun
UL Fram samla to fulle hus på Rogne – laurdag og søndag, til ein imponerande musikal om Mowgli og dyr og mennesker i jungelen og landsbyen. Det er dei unge i UL Fram som får skine.
Nybygget har utvida scena til ein betre plass å spele teater på og garderoba gjev plass til hastige endringar i kostymer. Ein god del av ungdomane hadde fleire roller og måtte skifte og sminkast på nytt under vegs i framsyninga – så då tel sekunda.
Nye Nordøyane
Nordøyane – så nære – med tidlegare så skilde øyar – no er grensa borte ved ein nordøyveg med gul midtstripe gjennom øyriket og samling på Framtun på Rogne med felles teateroppleving! Vi ser at den gamle riksgrensa gjennom øyane vert svakare – berre eit minne – samling!
Topp presentasjonar
Musikal med song på ei høg hylle. Kvar tek ungdomslaget alle desse gode solistane frå? Det ville vere urettferdig å framheve nokon av songarane – her var det ei glede for øyre heile vegen. Saman med dans, skodespel og sang kom alle ”jungeldyra” nær sitt publikum i salen og applausen satt laust.
Eldsjeler
Utan eldsjeler hadde det likevel ikkje vore mogeleg å framføre ein musikal med ein slik høg kvalitet innan både tekst, song, skodespel, kostyme, sminke, scene, lyd og lys!
Mange eldsjeler for scene og backstage! Likevel er det 3 musketerar som kan vere veldig fornøgde med innsatsen: Reidunn Rogne FlemLinda, Nogva Vedeld og Marion Høistad Bergheim. Godt jobba!
Olav Skarstein