Kafé på Gamleskulen
Laurdag 18. april var det kafé på Gamleskulen frå kl. 12.00 til 14.00. Det var Trivselgruppa i Øyrådet som «arrangerte» kaféen, som ein av fleire aktivitetar og tiltak som trivselsgruppa har planar om.
Dei som møtte fram kunne kose seg med gode kaker, vaflar og kaffi, eller brus for dei som heller ville ha det. Kafédrifta er på dugnad, og jobben som «betjening» går på omgang mellom medlemene i trivselsgruppa. Denne dagen var det Evy og Johanne som var på jobb.
Det var ikkje det heilt store frammøtet denne første kafédagen i historia av dette slaget. Ni vaksne vart registrert; i tillegg var der nokre ungar som ingen kom på skulle teljast. Longva Vel hadde ryddeaksjon same tida som kaféen var open, noko som sikkert er ein del av forklaringa på det litt labre frammøtet.
For oss som var der, var det iallfall ei koseleg stund med gode kaker og hyggjeleg prat rundt bordet. Vi blir temmeleg sikkert å treffe også på neste kafé, som er planlagt til laurdag 30. mai (kl. 12 – 16) på barnehagen.
Knut Flem