Kamp om godsakene på Julemesse
Så snart dørene vart opna, vaks køen fram til lokal bakst, lefse, kringle, havrekjeks og kakevaflar. Men også andre varer med og utan julemotiv gjekk unna på Gamleskulen på Flem.
Heimelaga er stikkordet, heimelaga og kortreist. Korfor er det så populært? Det mest sjølvsagte er smaken. Gode lokale smakar med lite tilsetningar av E-ditt og datt. Miljøgevinsten får nok også sin tanke. Johanne Flem, Inger Flem og Elsa Uri var dei lokale bakarane. Det var ikkje ein smule igjen.
Meir kortreist kvalitet
Elisabeth Golten hadde med seg varer frå Melchiorgarden i Norddal. Ein gard som driv med gardsbutikk og gardsbesøk. Dei har masse geiter, høner, eple og bær og dei har særeigne produkt. Syltetøy og gele av eple og bringebær, og saft av desse edle råvarene. Ei rein bringebærsaft er ei topp smaksoppleving.
Dei produserar spekemat og rull av geit og kje, utfordrar sauen og lammet og gjev oss nye val, litt andre smakar som vi bør lokke ganen til å prøve. Mjuke geiteskinn var også med på lasset.
Kunst og pynt
Mari Agathe Aakre Hatlestad frå Valldal hadde fått laga små og store julekort med fri fantasi motiv, pluss motiv frå Valldal og Ulla. Motiv ho har teikna sjølv med nissar og julestemning. Treg start på salet, men når det var tomt for mat kom kunsten til sin rett.
Haldis Damseter har fanga mange gode fotomotiv ute på øyane. Litt for ein kvar smak, men det som fanga mest interesse var ei samling med dokker i fine kle som ho hadde med. Primus motor Birgit Fjelle hadde både juledekorasjonar og strikkevarer i god kvalitet.
Nytt i år var kvistar frå hasseltre; Vrihassel! Nytt for mange, men for alle som lagar dekorasjonar var dette ei innsprøyting til fantasien. Vi må berre vere glade for at ikkje alle gjekk rundt med kvar si grein i det trange lokalet. For trangt var det heile tida.
Ein stol å sitje på, eit bord til kaffikoppen og kakefatet. Varemerke til Gamleskulen er at det alltid skal vere høve til å setje seg ned og ha ei hyggestund. Kaffi, kake og vere i lag. Det fungerte flott på denne julemessa. Karane sessa seg med kake medan damene handla. Med mindre avvik.
Olav Skarstein