Konsert med LIZZ og Fuglevoktaren på vakt
Haramsøyaksjonen kunne by på flott konsert i Nordøyhallen, med gode aktørar. I tillegg kom ornitolog Alv Ottar Folkestad og fortalde om fugl og vindturbinar i samtale med Fuglevoktaren Karin Augusta Nogva.
Strenge reglar på ei av dei første store samlingane innanhus for folket på Nordøyane. Ca. 150 var samla i den store hallen. Dessutan var alt frå scena livestreama direkte frå hallen, slik at folk kunne sjå samtalen og konserten på facebook.
Fugleliv og spelet i naturen
Karin Augusta og Alv Ottar hadde ein informativ samtale om fugl, både raudlista og andre sårbare skapningar. Korleis dei hadde forskjellige trekk langs kysten, trekk for å sanke mat og trekk mellom Noreg og andre land. Fuglar som hekka på Runde kunne vere vekke i 2-3 timar i trekk for å hente mat. Alv Ottar fortalde at Lunden kan hente maten heile 60 km frå reiret. Fuglen følgjer etter maten og flyg langt. Det er også registret at fugl har henta mat på Norskekysten og tatt den heim til Shetland, 400 km ein veg.
I tillegg nyttar fuglen ofte dei luftstraumane som vindindustrien også er opptatt av. Ørna sikrlar opp og når desse ofte sørvest eller nordvest straumane, som også stryk over Nordøyane. No uten turbinar.
Fugledrap i turbinane
Fugl flyg ikkje berre høgt eller lågt, fugl flyg både høgt og lågt og vil heil sikkert kome i konflikt med vindturbinar. På Smøla er det registrert 104 daude havørn. Dei store fuglane er relativt lette å finne, medan småfugl som døyr, vert vekke i gras og kratt og ikkje så lett å dokumentere.
Alv Ottar Folkestad er også heilt klar på at vindindustrien ikkje brukar kompetansen som ornitologane har, men tilpassar sanninga til eige formål. T.d. seier han at hubroen var ein vanleg fugle i Møre og Romsdal tidlegare, no er det få par att, der 5-6 par er å finne på Nordøyane og 2-3 par i resten av fylket. Utbyggar seier at dei ikkje har registrert hubro, så då passar det utbyggar.
Utbygging av vindindustrien i hekketid er også negativt for fuglen med uvante og brå lydar. Alv Ottar er også spørjande til at det ikkje vert henta ut ny informasjon når gamle konsesjonar skal fornyast! Ting endrar seg heile tida.
Fuglevokteren må nok framleis vere på vakt!
Konsert med LIZZ og andre gode artistar
Frå det alvorlege til ei lettare avdeling denne fredagskvelden. Sang som også dei som følgde sendinga på facebook kunne kose seg med.
Inger Lise og Asgeir Vik, busett i Ålesund hadde med eigne tekstar, både som dikt og song. Begge engasjert i kampen mot vindkraft. Inger List las diktet Vindmølleterror, og visene Kveldsbøn frå Skaregata og Det går seg nok til, var fine og litt på sin plass.
Leiaren i Nei til vindkraftverk på Haramsøya, Birgit Kjerstad, nytta ein liten pause til å seie at ho føler at det har gått litt vår veg. Både fylke og kommune har gått inn for nye vurderingar av konsekvensar ved utbygging. Dette handlar om fugl (og ikkje berre lokale artar), om folket, miljøet og eigedomane. Ho takka organisasjonar og folk utanfrå som har støtta kampen. Vi er ikkje aksjonistar, seier Birgit, vi er vanlege folk som kjempar for miljøet vårt. Birgit er uroa over sprengstoffet i denne saka lokalt, men vonar at sak kan vere sak og folk kan vere folk, uansett utfall av saka.
Kari Nyhus Aksnes, Haramsøyjente med god stemme, har gleda folket her ute mang ein gong med si stemme. Flink også på tangentane. I kveld med ein remix (ikkje hennar eigen) av songen Gunerius. Ein song om innvandrar i Noreg og om kampen vi kjenner no. Flott Kari.
LIZZ
Fersk vinnar av Musikkprisen 2020, så fersk at det var kvelden før at ho fekk prisen. Merka godt at ho var i veldig godt humør og ho flørta med publikum med eit stort smil. Lizz (Lisabeth Brekke Sylthe) er ei jente som har vakse opp på Kvamsøya, så Trondheim og tilbake til Kvamsøya. Ho kjenner kysten og følte seg heime på Haramsøya. Saman med sin produsent Ørjan Liavåg på gitar, leverte dei ei kosestund. Lizz hadde både eigne låtar og låter frå andre kjende artistar.
Ti songar tok dei seg tid til. Frå eigne som I want to say, For you, Take me home til Lady Gaga sin Always remember og Non Blondes sin Whats Up! Utmerka konsert. Og til alt overmål kunne Lizz fortelje at ho hadde lært at det heiter vindturbinar – ikkje vindmøller!
Farstad Lyd
Eit lite selskap som lever i bakgrunnen, men som leverer gong på gong med lysshow og lydmiks. Dei leverte saken også på denne konserten. Flott at vi har sånne.
Olav Skarstein