KS2 for Nordøyvegen er godkjend
Tysdag 2. februar vart kostnadsberekninga for Nordøyvegen godkjend. Vegvesenet har gjort ein god jobb med kalkylen, seier Veritas, som har kontrollrekna på tala. Dei har auka anslaget med 40 millionar, og dermed er heile vegprosjektet kalkulert til 3,225 milliardar kroner.
Eit steg nærare
Med dette er Nordøyvegen enno nærare realisering. Det som no står att er at fylkestinget skal godkjenne ein kvalitetssikra finansieringsplan av prosjektet, og at Stortinget skal godkjenne ein bompengeproposisjon som vert laga av Samferdsledepartementet.
Fortgang i bompengesaka?
Etter planen skal fylkestinget først behandle den nemnde finansieringsplanen på eit møte i juni, for deretter å be departementet utarbeide bompengeproposisjonen. Styreleiar Bjørn Sandnes i Nordøyvegen vil imidlertid ha fortgang i saka og meiner det ikkje er nødvendig å vente på behandlinga i fylkestinget. Kravet frå departementet for å utarbeide ein bompengeproposisjon, er nemleg at KS2 har godkjent prosjektet.
Sandnes vil difor be samferdsleavdelinga i fylket ta initiativ til å få starta arbeidet med bompengesaka straks, utan å vente på behandlinga i fylkestinget. På denne måten kan ein spare eit halvt år i unødvendig ventetid, meiner han.
Byggestart i 2017
Dersom ein følgjer den oppsette planen, er sannsynleg byggestart 2017, men kan bli tidlegare dersom Sandnes greier å få fortgang slik at Stortinget får bompengeproposisjonen til behandling tidlegare.