Kulturkveld med sykkel
Nordøy Sykkel, eit lag med spreke syklistar, fortalde om laget, doningar og arrangement dei har delteke i. Gamleskulen på Flem husa folk og syklar i varmt sommarvêr.
Sykkel før og no
Dei som er eldre i dag hadde i liten grad eigen sykkel då dei var born. Sykkel var for dei vaksne. Eit transportmiddel. Tunge syklar utan gir. Borna måtte lure seg til å låne for å lære. Det gjekk ikkje altid like bra, fortalde Birgit Fjelle. Å rette opp eit øydelagt sykkelhjul med slegge var ikkje vellukka. No er sykkelen for alle i mange utgåver og mange prisklasser. Skal du ha sykkel for lange og krevande løp, treng ein nok ein sykkel som er tilpassa. Passe med gir og låg vekt. I terrenget med støytdempar.
Nordøy Sykkel
Laget er no ein del av Nordøy Idrettslag. Rolf Longva kunne fortelje om eit triveleg miljø der det var viktig å kunne vere ute og sykle i lag. Nye medlemer er velkomne, her er rom for både dei som vil sykle Birken og dei som berre vil trimme.
Skal ein ta del i dei tøffaste arrangementa, bør ein trene og få kunnskap om kva ein treng i eit løp, alt frå kle til mat og utstyr. Slik kunnskap er lett å dele når ein er i lag.

Terje Slyngstad og Rolf Longva syner sittestilling på terrengsykkel.
Kostbart
Sykkelen er nok det som kan koste mest. Men gode syklar kan ein få for nokre tusenlappar. Gode konkurransesyklar gjerne langt meir. Nordøy Sykkel hadde med to utgåver. Ein terrengsykkel i karbon til 54.000 og ein til asfaltløp til nesten 15.000 kroner.
Sistnemnde i aluminium som har vore det vanlege materiale. Det ser ut til at prisen på karbonsyklar etter kvart vert rimelegare, slik at framtida nok vert karbon.

Per Kåre Flem fortel om konkurransesykkel for asfalt.
