Lakseoppdrett på Rogne
Eitt av dei største selskapa på lakseoppdrett i Noreg, Marine Harvest, har eit topp moderne anlegg på Rogne. Tysdag 21. juni var representantar for Øyrådet, velforeningane på øya samt ordføraren og næringsrådgjevaren i Haram invitert på omvisning, informasjon og ein matbit ute på anlegget.
Lat det vere sagt med ein gong: vi var imponert over den høge standarden på alle sider av anlegget – frå boligseksjonen via det avanserte fôranlegget til overvakingssystemet for fisken i merdane. Med kamera nede i merdane kan ein operatør følgje med korleis fisken oppfører seg. Ikkje minst er det viktig å overvake fôringa for å kunne sjå når fisken har fått nok mat, ettersom fôret utgjer om lag 60% av kostnadene ved oppdrett.
Imponerte var vi òg over den grundige og gode informasjonen vi fekk om alt som foregår på eit moderne oppdrettsanlegg. Som nemnt vert laksen overvaka ved hjelp av kamera, og inne på kontrollrommet viste Endre Otterlei på dataskjerm korleis dette skjer og korleis fôringa kan styrast via datamaskinen.

Arne Kvalvik orienterer om prinsipp for miljø, helse, økosystem m.m. som Marine Harvest arbeider etter.
Arne Kvalvik heldt ei grundig orientering om miljø, økosystem, helse, genetikk, handtering av problem og sjukdom m.m. Han fortalde at selskapet sjølvsagt følgjer lover, forskrifter og lokale reguleringar som gjeld lakseoppdrett, men at dei har strengare standardar enn det styresmaktene påbyr. Marine Harvest legg òg vekt på å vere ein god nabo der dei har anlegg, og ein god samfunnsaktør.
Etter eit godt måltid med baguettar med laks og reker, tok driftssjefen på anlegget, Svein Olav Otterlei, gruppa med på omvisning på anlegget. Igjen lét vi oss imponere over tre etasjer med tekniske godbitar frå arbeidsrom til tankar og pumpeanlegg – alt topp moderne. Til slutt gjekk turen ut til merdane der vi fekk sjå laksen i full aktivitet, før «skyssbåten» tok oss til land igjen.
Vi som bur på øya veit og ser at der ligg eit oppdrettsanlegg ute i fjorden, men at det skulle vere så avansert og topp moderne på alle måtar, overraska nok dei fleste. Veldig positivt at Marine Harvest gir publikum innblikk i korleis dei driv og kva for policy dei har med omsyn til miljø, fiskehelse m.m. Avdeling Rogne har planar om ein «open dag» for folk flest seinare i sommar.