Lesing til 78 grader nord
I to veker vil alle skulane i Haram delta i ein felles lesesaksjon. Ei lesereise gjennom landet som skal ende i Longyearbyen på Svalbard, 78o Nord.
På Flem skule gjekk elevane på toget fredag kl.8.10 for å ta turen til Hamar som er første stopp på reisa. Eit klasserom var gjort om til togkupear. Kontuktøren (rektor Tanja Mjøs Otterlei) delte ut lesebillettar til elevane, som tok plass i samsvar med billetten. Konduktøren bles i fløyta og turen var i gang. Framme kunne vi sjå togskinnene og naturen etter som toget tok seg fram på veg mot Hamar.
Alle lærarane var i uniform og sytte for velvære på reisa. Til og med tralla med forfriskning tok runda i kupeane. Gelé og vaniljesaus. Billettane vart stempla. Vi ønskjer å setje fokus på lesing både heime og på skulen, seier Ole Einar Flem. Målet med leseaksjonen er at elevane skal oppleve glede ved å lese bøker, og verte gode lesarar. Nyare forskning understrekar kor viktig det er med fritidslesing for å bli ei god lesar.
Elevane får utdelt leselogg der dei dagleg skal merke av tida dei les både heime og på skulen. Lesetid vert veksla inn i reisestrekningar på ei reise frå sør til nord i landet vårt, saman med resten av klassa. Undervegs på reisa skal vi stoppe på ulike destinasjonar der elevane får oppdrag som må løysast før dei kjem seg vidare. Dei skal lese, søkje informasjon, sjå filmar, utføre oppgåver og svare på spørsmål. Med god leseinnsats er det mogeleg for alle klassene å nå målet innan påskeferien startar.
Lesegrotte og skulebibliotek. Skulen har tilrettelagd for godt lesemiljø. Ei ”is-lesegrotte” like ved skulebiblioteket utstyrt med puter, tepper, dyreskinn og dempa beslysning, kan elevane bruke i heile leseperioden. Her kan dei sitje eller ligge med ei god bok. Såg riktig så triveleg ut.
Skulebiblioteket har eit fint utval av bøker, mange ganske nye utgåver. Også her ein fin plass å slå seg ned med ei god bok.
Lesemeister. Sjølv om det er trykte bøker som er det viktigaste mediet, har kommunen ein prøvelisens på ei nettbasert leseteneste, Lesemeister, i 4 veker. Lesemeister har samarbeid med mange forlag og kan tilby ei mengde nye bøker både på nynorsk og bokmål. Slike tilbod er sjølvsagt ikkje gratis, men med ein pris på kr 70,- pr. skuleelev i eit heilt skuleår, verka å vere ein overkomeleg pris med tilgang på mangen nye bøker.
Samarbeid. Skulebiblioteket på Flem skule er godt utstyrt med bøker til aksjonen. Eit godt samarbeid med Folkebiblioteket er også viktig i ein slik leseaksjon. Synnøve Moe Klokk og Lisa Alvestad ved biblioteka er flinke til å leite fram dei gode bøkene til elevane.
Olav Skarstein