Longva barnehage med 10-årsmarkering
Onsdag kom nesten 200 øybuarar innom for å markere 10-årsfeiringa for Longva barnehage. Ekstra stas var det at seksåringane i 2006 (10.klassingar no) var med å synge i lag med dei som går der i dag.

Dei eldste ungane som fekk med seg opninga i 2006 i skjønn foreining og song med dagens barnehagebarn.
Årets barnehagebarn, 15 i talet, song tre songar. Det var eit veldig kjekt innslag at dei som var dei eldste i 2006, var med på songen!

Også her frå «Longva barnehage-songen», «Gikk en tur på stien» og «Har du hørt historien om de tre små fisk».
Longva barnehage stod klar 1. mars 2006. Styrar Kari Rogne Kolseth fortalde dei frammøtte om historia til barnehagen, som opphavleg starta på Rogne i 1978.
Kakebordet var enormt, og det var frammøtet også.
– Veldig kjekt at så mange tok turen, meinte både Kari og styreleiar Julie Norvoll Longva. – Dette skulle vere ein fest for alle på øya, og vi inviterte spesielt dei som har gått her med foreldre.
Allereie frå ein opna kl 17 kom det godt over 100 personar i alle aldrar, og utover kvelden kom det mange fleire innom. Utanom ord frå styraren og song, kunne alle sjå både bilete og video frå bygginga og dei 10 siste åra på lerret og TV-skjermar. Longva barnehage viste seg verkeleg fram som ein god og levande barnehage.

Styret i barnehagen frå v.: Per Kristian Klokk, Britt Tove Vedeld Molnes, Julie N. Longva, Susann Ravnestad, Einar Rudi Longva, Tor Erik Husevåg. Kristian Haram ikkje på biletet.