Lopper til sals
Lopper kjem og går. Nokre tømer skuffer og skap, medan andre finn noko som er kjekt å ha. Til dekorasjon eller nytte. Gamleskulen på Flem er staden der du kan donere eller kjøpe.
Ikkje kast sjølv om du ikkje ha bruk for tingen lenger. Mange ting kan gjenbrukast, kome til nytte i andre hender. Få nytt liv. Folk likar ein god loppemarknad. Det strøymde på med kjøpelystne. Gode varer til låge prisar og mange fornøgde kundar som hadde gjort ein god handel.
Kaffikvern, brødristar, stavmiksar, bestikk og sleiver, koppar og kar, flotte servise, vesker og sko, dukar og pynt. Og masse meir. Kvaltene er god og skulle det vise seg å vere bomkjøp, kan ein donere til neste års loppemarknad.
Det går ein trend over landet om å gjenbruke og reparere ting. Det vert kasta for mange gode varer. Kloden vår likar ikkje bruk og kast mentaliteten. Den veit at det kjem folk etter oss. Derfor er loppemarknad eit positivt tiltak mot bruk og kast. Og ikkje minst eit sosialt tiltak der folk møtest. Gamleskulen serverte også kaffi og kaker, slik at folk kunne samle krefter til vidare handel. Det verka. Mange handla fleire gonger.
Gamleskulen legg ned mykje arbeid i loppemarknaden, men så er det då også ei viktig inntekt for laget. Det kostar å vedlikehalde eit gamalt bygg. Leiaren i laget, Birgit Fjelle, var godt nøgd med både oppmøte og salg.
Olav Skarstein