Lyngbrann på Flem i stiv kuling
Vind og brann er aldri nokon god kombinasjon. Heller ikkje på Hornhamaren på Flem tysdag 26. februar. Ja, vinden var så pass sterk at ein fann det naudsynt å få hjelp frå andre brannstasjonar.
Bålbrenning om morgonen denne dagen kom ut av kontroll. I aukande vind vart oppgåva for brannvernet på Skuløy/Flemsøy utfordrande og hjelp kom frå Haramsøy, Brattvåg og Vatne. Viktig hjelp, sjølv om ferjetider og ferjefarten på 20 km/t kan stresse ein utrykningsbil med fulle sirener. Vinden nøra heile tida for elden som fekk leve i mange timar.
Hente vatn
Tankbil
Brannbilane på Skuløy/Flemsøy og Haramsøy har vasstankar, nok til ein start i sløkkinga. Men så må dei av garde for å fylle tankane. Når brannen er i utmark utan vassforsyning, må ein køyre frå og til. Stor tankbil som kom med ferja var nyttig. Heile 6 brannbilar var på plass for å sløkkje.
Terreng og vind
Ytst ute på Flem kan vinden ta godt tak frå mange retningar. Den nordlege vinden denne dagen var nok gunstig for resten av øya, men for ”Gulagarden” sør for Hornhamaren var brannen ein trugsel. Og sjølvsagt eit prioritert område. Sjølv om Hornhamaren ikkje er stor, er klatring med tunge brannslangar ei utfordring, og som også krev sitt av mannskapa. Lyngterrenget med sterk vind er som ein omn der ein nyttar ”peispustar”. Sløkt terreng er brått i brann igjen.
Gjekk bra
Brannvernet synte samarbeid og styrke og fekk hindra brannen til å bli noko meir enn ein lyngbrann. Eit samarbeid som vi som bur i kommunen skal vere glade for å ha. Eit brannvern som kan samarbeide enno meir når Nordøyvegen er på plass. Ofte kan det vere få minutt som tel mellom suksess og fiasko, samt kapasitet når ein treng volum til alvorlege hendingar.
Olav Skarstein