Flott merka turstiar
Ingen turgåar treng heretter å vere redd for å gå seg vill og ikkje finne vegen på tur i skog og mark. Nordøy IL har sett opp skilt på strategiske plassar som peikar i leia du bør gå for å kome fram til ein bestemt plass. Ikkje berre det – der står også kor langt det er frå der du står til staden pila peikar på. Ikkje nok med det heller, skilta er så fine at ein får lyst til å gå tur berre av den grunn.
Skiltinga er eit samarbeidsprosjekt mellom idrettslaga og kommuna, med økonomisk støtte frå Friluftsrådet. Skilta er produsert ved Haram Industrier og altså sett ut i terrenget av Nordøy IL. I tilknytning til dette vil det også kome kart som viser ulike turruter.