Referat frå møte i Bustadgruppa 25.08.15
Saker:
Registrering av ledige kommunale bustadtomter er ferdig, levert og registrert på nettsida.
Registrering av ledige bustadar for kjøp/leige er ikkje ferdig.
Vi har registrert dei vi har fått kjennskap til, men ikkje snakka med alle.
Arbeidet med dette håper vi skal vere klart til Hano-Dagane.
For å få dette gjort har vi fordelt arbeidet på gruppemedlemane og rapporterer fortløpande til Gjertrud som registrerer dette på ei liste.
Dei som kan stille på Hano-Dagane er rapportert til styret på siste styrremøte.
Leiar skal rapportere alle dugnadstimane som gruppemedlemane har hatt sidan 27.05.15
Dette gir grunnlag for stønad. Frist: Etter Hano-Dagane.
Nye saker som kan vere aktuelle:
Hyttetomter, naust, småbåtplasser etc.
Kommunen er i gang med rullering av arealplanen. Vi vil be om eit møte med kommunen for å få ei orientering om dette. Joar og Jan Arne stiller.
Referent: Joar Haram