Referat frå møte i kafénemnda 09.04.2018
Stad og tid: Flem skule kl. 17.30
Medlemer til stades: Arnfinn Flem, Gjertrud-Marie Longva, Bjørn Longva, Janne Flem, Harald Otterlei, Helge K. Rogne, Svein Olav Otterlei og Knut Flem.
Forfall: Jan Arne Longva og Per Øines
Sak 1. Byggesøknad
Søknaden om byggeløyve er innvilga av Haram kommune. Melding om igangsetjing skal sendast når bygginga startar.
Sak 2. Ansvarsrett
Bjørn har fått ansvarsrett for bygginga på alle fagområde. Han er ansvarleg prosjekterande og ansvarleg utførande og har lov å bygge huset sjølv/stå føre bygginga.
Sak 3. Eigedomsforhold og drift
Coop Orkla Møre vil eige kafébygget når det er oppført. Coop Marked Longva vil stå føre den daglege drifta av kaférommet og syte for vanleg vask.
Sak 4. Økonomi/finansiering
Det vert å søkje ulike instansar om støtte, til dømes Sparebanken Møre, Sparebank1, Gjensidige-stiftelsen, Marine Harvest, Merkur-programmet, Coop sine vassverkpengar, kommunale vassverkpengar, Flem Vel, Longva Vel, Gamleskulen, Nordøy IL, lokale bedrifter. I tillegg vil vi selje gåvebrev til bygdefolket. Arnfinn, Bjørn og Knut går rundt på dørene. På førstkomande styremøte i Øyrådet vil spørsmålet om kor mykje av Øyrådet sine midlar som kan brukast på prosjektet bli teke opp.
Sak 5. Informasjon
Knut lagar eit informasjonsskriv som fortel om kaféprosjektet og forklarer kva som er tanken bak og hensikta med kaféen: a) det vil styrke butikken og vere med og sikre drifta, b) det vil bli ein sosial møteplass, c) fasilitetar for dagsturistar (do, ein plass å ete maten sin og treffe innfødde) og d) plass for MyPack (pakketeneste som butikken prøver å få inn). Skrivet skal delast ut til alle husstandar. Arnfinn, Bjørn og Knut legg det i alle postkasser.
Sak 6. Byggestart
Alle formaliteter er i orden slik start kan skje når praktiske ting som prisar og avtalar på det elektriske, rørleggararbeid o.l. er i orden, og når ein viss startkapital er på plass. Detaljar på bygget og bygginga må bestemmast etter kvart som arbeidet kjem i gang.
Møtet slutt kl. 18.50.
Skrivar: Knut Flem