Referat frå møte i Kafénemnda 29.11.2017
Møtestad: heime hos Gjertrud og Bjørn
Medlemer til stades: Jan Arne Longva, Gjertrud-Marie Longva, Bjørn Longva, Janne Flem og Knut Flem.
Forfall: Arnfinn Flem, Per Øines, Harald Otterlei, Helge K. Rogne og Svein Olav Otterlei.
Sak 1. Formalitetar
Nemnda gjekk inn for å kalle prosjektet med tilbygg på Coop Marked Longva for «Budakaféen».
Namnet på gruppa som skal arbeide med prosjektet er «Kafénemnda». Gjertrud syter for å få nemnda godkjend som undergruppe til Trivselsgruppa i Øyrådet.
Sak 2. Val av leiar og nestleiar i nemnda
Bjørn vart valt til leiar i Kafénemnda. Arnfinn vert spurt om å vere nestleiar, alternativt Per.
Sak 3. Tiltakshavar og ansvarshavande
Tiltakshavar er Coop Orkla Møre.
Bjørn tek på seg å stå som ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande og ansvarleg utførande. Usikkert om dette kan gjelde for våtrom òg, eller om det må ein rørleggar til. Bjørn sjekkar dette og sender søknad til teknisk etat.
Sak 4. Nabovarsel
Bjørn ordnar med nabovarsel og sender ut.
Sak 5. Tilbod frå N.L. Austnes
Bygget skal oppførast i reisverk av tre. Tilbodet inneheld all material frå golv til tak. Det må gjennomgåast i detalj for å sikre at alt som trengst er med. Vindauga skal vere faste, ikkje oppslag. Tregolv var med i tilbodet, men det vert kanskje å legge betonggolv.
Sak 6. Elektrisk, sanitær, grunnarbeid
For elektrisk hentar vi inn prisoverslag frå Ingvar Longva. Likeins rørleggararbeid frå Jon Henry Otterlei. Kostnadsoverslag på grunnarbeid må også skaffast. Arnfinn, Jan Arne og Janne går gjennom det tekniske og set opp el-punkt og andre ting.
Sak 7. Økonomi
Kafébygget kan kome på bortimot ein halv million kroner i utlegg. I tillegg kjem arbeidet, som er tenkt gjort på dugnad. Det kan vere mogleg å få statleg støtte til prosjektet (Merkur-programmet for utkantbutikkar). Då skal her vere maks 200 husstandar på øya, og omsetninga på butikken må ikkje overstige 13 millionar kroner på eit år. Elles må vi satse på sponsormidlar og støtte frå bygdefolket.
Møtet slutt kl. 22.15
Skrivar: Knut Flem