Referat frå møte i Nærings- og tilflyttingsgruppa 22.01.19
Stad og tid: hjå Mette og Uwe kl. 19.30
Medlemer til stades: Uwe Kleinhans, Mette Krogsæter, Birgit Kjerstad, Lisbeth Austnes og Knut Flem.
Oppsummering av fjorårets aktivitet
Det har ikkje vore møte i gruppa sidan samanslåingsmøtet 15.01.2018.
Av saker det har vore jobba med kan nemnast…
a) Nordøyvegen: mellom anna produksjon og distribusjon av videosnuttar for å informere og påverke beslutningstakarane.
b) Breiband (fiberkabel): kontakt med Nye Ålesund ang. prosjekt om utbygging av breiband på stader som pr. i dag har for dårleg kapasitet. Vi har fått opplyst at ingen kommersielle aktørar var interessert i utbygging på øyane i samarbeid med Nye Ålesund. Uwe har òg hatt kontakt med Telenor for å få informasjon om kva planar dei har.
c) Tilflytting:
Birgit og Atle har hatt besøk av eit nederlandsk par som er interessert i å skaffe seg eit gardsbruk i Noreg. I praksis er det ikkje enkelt å få til ei tilfredsstillande ordning med kjøp eller leige av gardsbruk.
Ein familie frå Uruguay som bur i Italia har vore i kontakt og dessutan to andre familiar via Placement. Noko meir har ikkje kome ut av desse kontaktane.
Kontakt frå interesserte via nettsider/pr. epost bør sendast vidare til heile gruppa.
Idéar for vidare aktivitet:
- Samarbeide med Lepsøya og Haramsøya for å sikre at her kjem breiband til alle husstandar og verksemder på øyane.
- Ekskursjon til stader og bedrifter som kan vere interessant med tanke på næringsutvikling, innsikta på reiseliv.
- Arrangere næringskonferanse.
- Rekruttering av nye medlemar til gruppa.
- Haramskonferansen 12. februar: Birgit reiser for næringsgruppa.
Val av leiar, nestleiar og skrivar:
- Leiar: Uwe Kleinhans
- Nestleiar: Lisbeth Austnes
- Skrivar: Birgit Kjerstad
Møtet slutt kl. 21.30
Referent: Knut Flem