Møte i Næringsgruppa 03.02.16
Tid og stad: Flem skule kl. 19.30 – 21.00
Desse møtte:
Johan Longvanes, Karoline Urke Øines og Birgit Oline Kjerstad
Forfall: Rolf Longva
Sakliste:
- Sidan sist
Vi tok opp tråden frå sist og godkjende referat.
2. Avklaring av valg og vidare engasjemnet
Det nærmar seg årsmøte og hovudstyret vil ha avklara valg av leiar og nestleiar, og kven som kan tenkje seg å ta eit nytt år i gruppa, og om gruppa har behov for nye medlemer.Næringsgruppa har hatt stor avskalling gjennom året. No er Birgit Oline Kjerstad leiar/skrivar, Johan Longvanes nestleiar,Karoline Urke Øines og Rolf Longva medlemer.
Vedtak:
Gruppa for arbeid og næring treng minst to nye medlemer, ny nestleiar og helst ny leiar.
Arbeidsplassar må skapast av grundarar eller eksisterande bedrifter. Det er og blir regjering og storting sin næringspolitikk, hopp i.d. kontoret, HNIF, fylket, og dei ulike verksemdene sine fag og nettverkssamlingar som er viktige for å stimulere til vekst i arbeidsplassar her ute, landbruket medrekna. Det øyrådet kanskje kan bidra med er ei viss avklaringar i arealplanprosessen og å sette temaet med arbeidsplasser på dagsorden.
Basisnæringsliv er det viktigaste for øyane framover, men vi er litt usikre på kva rolle vi kan spele.
3. Kartlegging av næringsliv og arbeidsplasser
Arbeid er viktigaste grunnsteinen i lokalsamfunnet. Vi har starta arbeidet med å kartlegge eksisterande areidsplasser på øya og få oversikt over kva som vil vere behovet framover.
Vi gjekk igjennom dei einskilde sine notet frå sine område som vart fordelt sist.
Birgit : Havbruk og landbruk
Karoline: Offentlege arbeidsplasser, barnehage,skule, helse.
Vedtak:
Informasjonen om arbeidsplasser og næring vart notert. Notat om dette blir lagt fram på neste møte.
4. Arealplan
Birgit har vore i kontakt med Inger Synnøve Remme om arealplanarbeidet.Det skal haldast eit møte om kommunal arealplan på øyane, men dato for dette er ikkje fastsett.
Når det gjeld landbruk som sysselset ca. 14 personar på heiltid og deltid i dag, er det viktigaste øyrådet kan kan gjere, å bidra til ei forsvarleg planlegging der ein tek vare på produksjonsareala og unngå oppstykking.
Vedtak:
Den kommunale Arealdelplkanen for øya er viktig å arbeid videre med. Vår gruppe bør prøve å tenkje over sannsynleg behov for næringsareal og plassering av dette Truleg bør ein sjå øyane litt i samanheng når det gjeld framtidig arealdisponering.
Saka må takast att på neste møte.
Møtet slutt kl. 21.00. Neste møte ikkje fastsett.
Referent: Birgit Oline Kjerstad