Referat frå møte i Næringsgruppa 03.05.16
Stad og tid: Flem skule kl. 19.00
Medlemer til stades: Rolf Longva, Birgit Kjerstad, Karoline U. Øines, Rita Kvinge og Knut Flem.
Forfall: Johan Longvanes, Lisbeth Austnes og Jonny Magne Flem
Sak 1. Kort orientering om ny arealplan
Knut refererte frå samtalar med Inger Synnøve Remme og Hege Gjøsund. Det skal haldast orienteringsmøte om den nye arealplanen, der det vert informert om arbeidet. Alle som er interessert får høve til å kome med innspel til det vidare arbeidet. Orienteringsmøte vert truleg halde over sommaren ein gong. Det er bustadgruppa som har kontakt med planmakarane for Øyrådet.
Sak 2. Registrering av arbeidsplassar/næring – status
Landbruk og havbruk: Birgit fullfører oversynet ho har laga med å supplere med tal på areal og arbeidsplassar, samt høvelege bilete.
Maskinentreprenørar (Rolf sitt område): Longva Maskin AS (6 tilsette), Longva Maskinservice (Magnus Longva), Anders Rogne og Peder Rogne.
Offentlege arbeidsplassar (Karoline): Har laga oversikt over tilsette i helse/omsorg, barnehage og skule samt vaktmeistrar. Vi legg til prest, diakoniarbeidar og kyrkjetenar.
Industribedrifter og serviceverksemder: Johan hadde forfall til møtet og vil truleg legge fram oversikta på neste møte.
Registreringa vil bli fullført, samla og systematisert og publisert på nettsida etter kvart.
Sak 3. Seminar/konferanse med fokus på marin sektor
Diskusjonen var livleg og gjekk i mange retningar med mange innspel, og kan oppsummerast om lag slik:
- Tema for konferansen: Marin næring/utnytting av havressursar. Må smale inn temaet slik at det ikkje blir for vidt.
- Kva er målet med konferansen? Å få fram informasjon og idéar om næring som kan vere aktuell og mogleg på dette feltet og dermed kanskje inspirere nokon til å starte med eitkvart.
- Kven er målgruppa? Må iallfall ha med yngre folk – det er dei som eventuelt kan setje i gang noko.
- Stad for konferansen: Gunnabuda
- Tid: laurdag 17. (evt. 24.) september kl. 11.00 -15.30 (justeringar er sannsynleg)
- Foredragshaldarar: ein god miks av teoretikarar og folk med erfaring frå det aktuelle feltet.
- Marknadsføring er viktig, særleg overfor ungdom
Sak 4. Ny næring på øya – brainstorming/idémyldring
Her var det om å gjere å få fram tankar og idéar mest mogleg utan hemningar og utan å tenkje på kva som var realistisk å få til. Myldringa gjekk livleg, men vart ofte avbroten av diskusjonar omkring idéar som kom opp.
Det fører for langt å føre opp resultatet av brainstorminga her, men viss du vil sjå alle forslaga som vart notert, kan du klikke her.
Sak 5. Eventuelt andre saker
Andre ting som vart nemnt/diskutert:
- Myldredag for yngre
- Gründerkonferanse for ungdom
- Arrangere ein presentasjon av det som finst på øya av næringsverksemd
Møtet slutt kl. 21.10
Referent: Knut Flem