Referat frå møte i næringsgruppa 08.12.15
Stad og tid: Flem skule kl. 19.30 – 21.00
Desse møtte: Johan Longvanes, Karoline Urke Øines, Rolf Longva og Birgit Oline Kjerstad
Sakliste :
1. Sidan sist:
Vi tok opp att tråden frå sist møte 2 juni.
Kvileheimen, hovudstyret er i ferd med å sette saman ei arbeidsgruppe for å ta saka videre.
Arealplanarbeidet, vi må koble oss på prosessen i kommunen så vi kan gi innspel i rett tid.
Næringsgruppa har berre fire medlemer, vi må styrkast med minst eitt nytt medlem i gruppa i staden for dei som har gått ut.
2. Instruks for arbeidet
Næringsgruppa gjekk gjennom den reviderte instruksen.
Vedtak: Instruksen inneheld svært mange punkt, og vi må prioritere for å kome videre og få gjort noko. Til neste møte arbeider vi med kartlegging av arbeidsplasser og orienterer oss om arealplanarbeidet.
3. Plan for videre arbeid
Arbeid er viktigaste grunnsteinen i lokalsamfunnet. Vi skal kartlegge eksisterande areidsplasser på øya og få oversikt over kva som vil vere behovet framover.
Vedtak: Vi delte oppgåva inn i fem arbeidsområde, og fordelte ansvar for kartlegginga.
Kva er sysselsetting i dag, kva er behovet om eitt år og fem år? Arealbehov?
Det grunnleggande kartleggingsarbeidet skal vere gjort til neste møte i slutten av januar.
Johan: Industri og Servicenæringar (RR, Karsten Flem AS m.m, Gunnabuda)
Rolf: Entrepenørverksemder. Kva avtaler gjeld for fysioterapiordninga i kommunen.
Karoline: Offentlege arbeidsplasser (skule, helse og barnehage)
Birgit: Primærnæringane og havbruk
Arealplan: Noko av det viktigaste å ta tak i er arealplanarbeidet. Sikre landbruksareala for videre drift og finne egna område for eventuelle nye verksemder. Har vi område som kan egne seg til landbasert fiskeoppdrett? Kva er faktorane som avgjer kva område som er egna? Birgit tek kontakt med kommunen og HNIF (Hege Gjøsund, Inger Synnøve Remme) og får vite litt meir om kvar prosessen er, og korleis vi kan bidra, og om det er tenkt på næringsareal for ny marin næring her ute frå kommunen si side. Kanskje bør vi be om eit møte med arealplanansvarlege i kommunen for å få meir kunnskap om prosessen og føringane som er lagde.
4. Tiflytting – Vår rolle i det å gi tilbakemeldingar til Placement og tilflyttargruppa m.o.t. arbeid m.m.
Tilflyttargruppa har meldt ynskje om at Næringsgruppa er med og vurderer tilbakemelding til tilflyttarar gjennom Placement som melder interesse.
Vedtak: Når det gjeld yrke som krev sertifisering (elektriker, rørlegger m.m.) har næringsgruppa ikkje føresetnadene for å kunne gi svar. Med førespurnader som gjeld desse yrka bør kontakten formidlast direkte til firma i kommunen med spørsmål om det er behov for tilsette som kan bo på øyane og ta oppdrag her ute.
Snikkarar: NL Austnes
Rørleggar: Johansen VVS –Brattvåg
Elektriker: Brattvåg Elektro
Målerarbeid: Einar Uggedal,Søvik
Dersom det er snakk om sjølvstendig næringsverksemd med behov for lokale m.m., må næringgruppa på banen og prøve å gjere ein jobb.
Møtet slutt kl. 21.
Neste møte: tysdag 26. januar kl 19.30.
Referent: Birgit Oline Kjerstad