Referat frå møte i Næringsgruppa 21.06.16
Stad og tid: Flem skule kl. 19.30 – 21.00
Medlemer til stades: Lisbeth Austnes, Rita Kvinge, Johan Longvanes og Knut Flem. Jonny Flem møtte kl. 20.30 og Rolf Longva kl. 20.45.
Forfall: Karoline U. Øines og Birgit Kjerstad
Sak 1. Referat frå førre møte
Referatet vart gjennomgått og godkjent.
Sak 2. Etablering av målarfirma?
Frå tilflyttingsgruppa v/Mette har næringsgruppa fått spørsmål om det kan vere aktuelt med etablering av målarfirma på øya.
Eit slikt firma ville sikkert få ein del oppdrag i nærområdet, men for å skape seg ein leveveg ville det nok måtte fare ganske vidt, trur næringsgruppa. Dessutan er her sal av måling både på Longva Servicesenter og NL Austnes.
Sak 3. Seminar/konferanse med fokus på marin sektor
På førre møtet vart hovudtrekka i konferansen skissert slik:
- Dag og tid: tysdag 20. eller 27. september kl. 17.00 – 21.00
- Stad: Nordøy grendahus
- Konferansen skal vere open for alle
- Inngangspris: kr. 100,-
- Matbit – gjerne marin spesialitet laga av spesialist
- Fire bolkar med fire foredrag + spørsmål og idémyldring
- Innleiande foredrag kan vere om næringsutvikling generelt, resten om marine muligheiter
- Økonomi: bygdemobiliseringsmidlar, deltakaravgift, evt. tilskot frå kommune og fylke
.
Knut har vore i kontakt med potensielle foredragshaldarar, og etter vurdering av kvalitet og pris, landa gruppa på følgjande:
- Om næringsutvikling generelt: regional- og næringssjef i fylket, Bergljot Tandstad, evt ein annan frå næringsavdelinga i fylket
- Dyrking og utnytting av tang og tare: Annelise Chapman frå Møreforsking
- Taredyrking og lakseoppdrett: Arne Kvalvik (evt. nokon annan) frå Marine Harvest
- Firmenich Bjørge Biomarin AS, eller…
- Marine Ingredients, Brattvåg
- Lotics (integrert settefisk- og grønsakproduksjon)
,
I tillegg har vi vore i kontakt med Mindor Klauset i Klippfiskakademiet for å få laga ein matbit («fingermat») med relasjon til konferansetemaet.
Referent: Knut Flem