Referat frå møte i Næringsgruppa 25.01.17
Stad og tid: Flem skule kl. 19.30 – 21.30
Medlemer til stades: Lisbeth Austnes, Rita Kvinge, Jonny Flem, Johan Longvanes, Rolf Longva, Birgit Kjerstad og Knut Flem
Forfall: Karoline U. Øines
Sak 1. Seminar om reiseliv/turisme
Ettersom årsmøtet for Øyrådet vart lagt til den datoen vi hadde sett oss ut for seminaret (15. februar), måtte vi finne nytt tidspunkt.
Det vart bestemt å legge seminaret til veke 12 (20. – 24. mars), og så bestemme dag og dato når det er klarert kva som passar for foredragshaldarane.
Seminaret bør vere på ca. to timar – kl. 18.00 – 20.00 ein ettermiddag.
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre har sagt ja til å delta med foredrag/informasjon. I tillegg spør vi om nokon frå bygdemobiliseringsprosjektet i Norddal kan bidra.
Sak 2. Nederlandske taredyrkarar kjem 12. – 17. mars
Eit nederlandsk par kjem på besøk til øya 12. – 17. mars. Dei har planar om å setje i gang med taredyrking og vil sjå på forholda for å vurdere om det kan vere aktuelt her. Næringsgruppa vil bistå dei så godt vi kan, mellom anna med å koble dei opp mot hjelpe- og kompetansefolk som næringsrådgjevar/hoppid, næringsavdelinga i fylket, Møreforsking og eventuelt andre.
Sak 3. Studiering om samfunnsutvikling
Det er planlagt eit kurs i samfunnsutvikling basert på boka «10-for samfunnsutvikling». Gruppa har ikkje kapasitet til å starte dette no og legg det på vent inntil vidare.
Sak 4. Deltaking på Haramskonferansen 2017
Styret i Øyrådet har meldt på Lidvar og Knut til konferansen, som finn stad tysdag 14. februar på Ingebrigt Davik-huset.
Sak 5. Årsmøte i Øyrådet 15. februar
a) Til årsmøtet skal det vere gjort val av leiar og nestleiar i gruppene. Vala skal godkjennast av årsmøtet.
I næringsgruppa vart det attval: Knut Flem, leiar og Birgit Kjerstad, nestleiar.
b) Årsmelding frå gruppene skal samlast til ei årsmelding for Øyrådet. Framlagd forslag til årsmelding for næringsgruppa vart vedteke med følgjande tillegg:
- Gruppa arbeider jamt med nye prosjekt som vil kome i tida framover.
,
Under eventuelt:
Sak 6. Ekskursjonar
Det vil vere nyttig for gruppa å reise til andre plassar der dei har fått til noko på reiselivsområdet. Då kan vi få både informasjon og inspirasjon og lære om korleis andre har lykkast.
Møtet slutt.
Skrivar: Knut Flem