Referat frå møte i Næringsgruppa 25.08.16
Stad og tid: Flem skule kl. 20.00 – 21.30
Medlemer til stades: Lisbeth Austnes, Rita Kvinge, Jonny Flem, Karoline U. Øines og Knut Flem. Rolf Longva møtte kl. 20.15 og Johan Longvanes kl. 20.30.
Forfall: og Birgit Kjerstad
Sak: Seminar/konferanse med fokus på marin sektor
Formelle ting:
Namn (på plakatar og anna annonsering): «Seminar om næringsutvikling»
Stad: Nordøy Grendahus
Tid: Tysdag 20. september kl. 17.00 – 21.00
Innleiar og ordstyrar: Knut
Program:
- Innleiande foredrag om næringsutvikling generelt v/ass. næringssjef i M&R, Ragna B. Bjerkeset
- Foredrag om «nye» artar i havet med kommersialiseringspotensiale v/Margareth Kjerstad (Møreforsking)
- Foredrag om marine ingrediensar v/dagleg leiar i Firmenich Bjørge Biomarin, Tormod Thomsen
- Foredrag om tang og tare v/Pierrick Stévant (Møreforsking)
Invitasjonar:
Guttorm Ulla og Inger Synnøve Remme frå Haram Næring og Innovasjonsstudio
10. klasse ved Haramsøy u-skule
Haram v.g. skule
NTNU Ålesund – Biomarin innovasjon (bachelorutdanning)
Marknadsføring:
- Plakat: Rita snakkar med Tanja og/eller Trond for å lage plakat
- Omtale i Nordre (Knut kontaktar Robin R. Johansen), Sunnmørsposten, Nytt i Uka, Bygdebladet
- Omtale på Øyrådet si nettside og FB-side
- Flygeblad: Knut kontaktar Info-gruppa for hjelp
- Kontakte Inger Synnøve Remme for bistand
Teknisk utstyr:
- Lyd (inkl. mikrofonar) og lys: Jonny spør om Tor Erik vil ta seg av det
- Framvisarutstyr: Lisbeth spør om å få låne utstyr på Rolls-Royce
- Stort lerret: Jonny spør Tor Erik
Mat:
- Fingermat: Rita spør om Mette vil ordne med dette
- Mat til foredragshaldarar: Dei bør få eit skikkeleg måltid før seminaret. Rita ordnar med dette i samarbeid med Mette.
- Foredragshaldarene bør kome i god tid for å få tid til måltidet.
- Vi serverer kaffi med «nogo attåt» til publikum
Praktiske ting:
- Vi spør skulen og volleyballgruppa om vi kan ordne salen om kvelden 19/9.
- Knut spør skulen og Lisbeth spør Inger Hatlehol
- Vi spør styret i Øyrådet om å hjelpe til på seminaret
Idémyldring:
- Blir det tid mellom foredraga, vert det idémyldring i pausen. Knut snakkar med Tanja om opplegg.
Inngangspengar:
- 100 kroner – gratis for folk under 15 år (10. klasse)
- Bør ha kortterminal
- Skaffe billettør (Knut)
- 2 loddblokker til billettar
Referent: Knut Flem