Referat frå møte i Næringsgruppa 25.10.16
Stad og tid: Flem skule kl. 19.30 – 21.30
Medlemer til stades: Lisbeth Austnes, Rita Kvinge, Jonny Flem, Karoline U. Øines og Knut Flem
Forfall: og Birgit Kjerstad, Rolf Longva og Johan Longvanes
Sak 1. Evaluering av næringsseminaret 21. september
Moment som vart nemnt:
- Spennande og interessant innhald
- Skuffande dårleg frammøte
- Folk visste kanskje ikkje kva det handla om
- Tidsklemma
- Folk er godt vant m.a. med Rolls-Royce. Går det dårleg, søkjer dei ny jobb ein annan plass i staden for å prøve å starte noko sjølve.
- For langt program – folk kvir seg på eit fire timars møte etter arbeid.
- Bør vere meir folkeleg, noko som fenger mange.
,
Sak 2. Vegen vidare – fleire seminar?
Vi vil prøve med eit nytt seminar – kanskje i februar 2017. Det bør vare berre to timar, og det er nok med eitt tema. Men det kan gjerne vere fleire innlegg med ulike vinklingar.
Temaet vi satsar på neste gong blir turisme/reiseliv. Det bør vere innlegg frå organisasjon som Destinasjon Sunnmøre, Ålesund turistforening e.l. og ei reiselivsbedrift eller folk som har fått til noko på dette området.
Sak 3. Utviklingsforening?
Knut refererte frå ein telefonsamtale med Einar Landmark, som fortalde om ei «utviklingsforening» som var i aktivitet i hans tid som næringsrådgjevar i Kristiansund. Foreninga bestod av medlemer som var interessert i å starte næring. Dei hadde møte ein gong i månaden der eit bestemt tema vart informert om og diskutert kvar gong. Alle kommunane på Nordmøre var med, og i løpet av dei to åra prosjektet varte, vart det starta 50 nye verksemder.
Skal vi prøve å starte noko liknande her? Vi kontaktar hoppid v/Inger Synnøve Remme og høyrer om det kan vere aktuelt frå deira side å setje i gang eit slikt prosjekt. I tilfelle vil Øyrådet/næringsgruppa støtte her lokalt.
Sak 4. Andelslandbruk
Invitasjon frå Fylkesmannen i M&R låg føre til informasjonsmøte/nettverkssamling på Molde 10. november d.å. Påmeldingsfrist 27/10-16. Ingen av dei som var til stades på møtet har høve til å møte.
Sak 5. Studiering om samfunnsutvikling
Det er planlagt eit kurs i samfunnsutvikling basert på boka «10-punktsmodellen for samfunnsutvikling». Birgit er primus motor for dette og er innstilt på å kome i gang i haust. Det må i tilfelle lysast ut slik at folk kan melde seg på.
Skrivar: Knut Flem