Referat frå møte i Næringsgruppa 26.06.17
Stad og tid: Flem skule kl. 19.30
Medlemer til stades: Lisbeth Austnes, Jonny Flem, Birgit Kjerstad, Johan Longvanes, Karoline U. Øines og Knut Flem
Forfall: Rolf Longva og Rita Kvinge
Sak 1. Hotellplanar
Ein nederlandsk mann med planar om å bygge eit “hydrogenhotell” har meldt sin ankomst. Tilflyttingsgruppa har avtalt eit møte med mannen torsdag ettermiddag, og vil gjerne ha med nokon frå næringsgruppa. Dei som møter er Knut og Rita (om ho kan), eventuelt Karoline.
Hotellplanen går, så vidt vi forstår, ut på å bygge eit hotell med tolv rom og tolv leiligheiter. Kvar av dei tolv einingane vert selt til interesserte, som eventuelt kan leige dei ut. Energi skal produserast ved hjelp av hydrogen, vind og sol. Nærare informasjon vil sikkert kome fram på det nemnde møtet.
Sak 2. Besøk av hollandsk par
Mor og far med ein liten gut har planar om å slå seg ned i Noreg. Dei kjem på besøk til øya i midten av august. Han er røyrleggar og driv òg med elektrisk arbeid (formelle kvalifikasjonar ukjent) og anna handverksarbeid. Ho driv med marknadsføring/økonomi. Begge er svært ivrige friluftsmenneske og kan tenkje seg å bruke det innan turisme.
Til å vere med på eit møte med dei er Birgit og Johan interesserte, dersom det passar med dag og tid. Dette får vi kome nærmare tilbake til når tida for besøk og møte er avklart.
Under eventuelt:
Knut lufta ein tanke om nærare samarbeid/samanslåing av tilflyttings- og næringsgruppa. For tilflyttarar vil det nesten alltid vere spørsmål om arbeid eller næring. Og då kan det vere like greitt om begge funksjonane er samla i éi gruppe. Medlemene var samde om at dette var ein god idé, og Knut tek den med til styret.
Møtet slutt kl. 20.15
Skrivar: Knut Flem