Referat frå møte i Næringsgruppa 29.11.16
Stad og tid: Flem skule kl. 20.00 – 21.30
Medlemer til stades: Lisbeth Austnes, Rita Kvinge, Jonny Flem, Karoline U. Øines, Johan Longvanes og Knut Flem
Forfall: Birgit Kjerstad og Rolf Longva
Sak 1. Seminar om reiseliv/turisme
Kva har vi å tilby her på øya?
- naturopplevingar: panoramautsikt på Skulen, sjå opprørt hav frå Århammaren, finne roa ved havet i stilla
- turmuligheiter – vandring i skog og mark, mange løyper, variert
- sjøbasert: fiske, bading, dykking, rafting
- Skulebua – utsikt med informasjon, ly for ver og vind, overnatting
- sykling
,
Tiltak og tilrettelegging:
- Marknadsføring – samarbeide med andre, t.d. Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Friluftsrådet o.fl.; turistbrosjyre på Ålesund turistinformasjon m.m.
- Informasjonstavler
- Skilting
,
Tid og stad for seminaret: onsdag 15. februar 2017, på Grendahuset eller Gunnabuda
Innhald/opplegg: total tid ca. 2 timar; foredrag/innlegg og diskusjon; idémyldring/brainstorming eller workshop; frukt, kaffi og kjeks.
Potensielle foredragshaldarar: Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, reiselivsbedrift t.d. frå Norddal (2 – 3 innlegg)
Viktig å få med og synkronisere alle gode krefter; t.d. idrettslaget for skilting av turstiar.
Sak 2. Utviklingsforening?
Dette spørsmålet var oppe på førre møtet, og det vart bestemt å ta kontakt med hoppid v/Inger Synnøve Remme og høyre om det kan vere aktuelt frå deira side å setje i gang eit slikt prosjekt. Knut snakka med Inger S. som sa det ikkje var noko liknande prosjekt i gang i området, ei heller planar om det. Denne ballen vert såleis lagt død i denne omgang.
Sak 3. Studiering om samfunnsutvikling
Det er planlagt eit kurs i samfunnsutvikling basert på boka «10-punktsmodellen for samfunnsutvikling». Birgit er primus motor for dette, men hadde forfall til møtet. Saka vart difor utsett.
Møtet slutt.
Skrivar: Knut Flem